Opposisjonen varsla i dag at det blir gjennomført ein 12-timars generalstreik fredag. Opposisjonen har fleirtal i det venezuelanske parlamentet, men president Nicolás Maduro, som høyrer til venstrepartiet til avdøde Hugo Chávez, har i stor grad styrt landet utan å gå via nasjonalforsamlinga.
Opposisjonen fekk fleirtal i nasjonalforsamlinga ved valet i fjor, og det var først gong sidan Hugo Chávez kom til makta i 1998. Maduro tok over som president då den langt meir populære Chaves døydde i 2013.
Vil ha folkerøysting
Sist søndag vedtok nasjonalforsamlinga at det skal haldast ei folkerøysting for å fjerne presidenten, noko presidenten nektar å gå med på. Maduro har kalla nasjonalforsamlinga for udugeleg, og han skuldar parlamentarikarane for å prøve å skade Venezuela.
Han skuldar dei også for
.Det er enorme økonomiske problem i Venezuela. Arbeidsløysa er høg, og det er ein stadig aukande mangel på mat og medisinar i landet. Politiske observatørar seier at faren er stor for at demonstrasjonane mot presidenten og regjeringa hans kan utvikle seg til valdeleg uro.
Presidenten i nasjonalforsamlinga, Henry Ramos Allup, sa i ein tale til demonstrantane i Caracas i dag at parlamentet kjem til å vedta at Maduro skal trekkje seg.
Mange meiner at Venezuela no har
.Krev Maduros avgang
– Vi skal gjere det klart for Nicolás Maduro at det venezuelanske folket har erklært at han skal gå av, sa Allup til øyredøyvande jubel frå tilhengjarane.
Jesus Torrealba, generalsekretær i opposisjonsalliansen MUD, haust også stor jubel då han oppmoda alle arbeidstakarar til å halde seg heime førstkomande fredag.
– Folk i Venezuela er leie av mangelen på mat, medisinar og andre viktige varer, sa han blant anna i talen sin.
Venezuela har truleg dei største oljereservane i verda, men økonomien i landet har vorte katastrofal dårleg, spesielt på grunn av dei låge oljeprisane.
Bad paven om hjelp
Maduro tok nyleg direkte kontakt med pave Frans for å få hans hjelp til å få i gang samtalar med opposisjonen, men dei meiner at tida for samtalar er over. Dei skuldar presidenten for å bruke paven i eit forsøk på å halde på makta.
Paven si utsending i Caracas, Emil Paul Tscherrig, opplyste tidlegare denne veka at det blir samtalar mellom regjeringa og opposisjonen på øya Margarita 30. oktober. I dag avviser representantar for opposisjonen at det er gjort ein avtale om samtalar.