Hopp til innhold

Aukar beredskapen i Russland

Russlands president Dimitrij Medvedev har gitt ordre om at beredskapen skal aukast på alle offentlege transportmiddel i Russland, etter terroraksjonane i Moskva i dag tidleg.

Russlands president Dimitrij Medvedev.

Russlands president Dimitrij Medvedev har gitt ordre om auka beredskap over heile Russland.

Foto: Vladimir Rodionov/Kreml pool / Scanpix/AFP

LES OGSÅ: Hans-Wilhelm Steinfeld om Moskva-bombene

LES OGSÅ: - Dette er prisen for å bo i Moskva

LES OGSÅ: Bombeangrep mot t-banen i Moskva

Anders Fogh Rasmussen

NATOs generalsekretær Anders Fogh Rasmussen forsikrar at NATO står saman med Russland i kampen mot terror.

Foto: Scanpix/AP

- Vi vil halde fram kampen mot terror utan å nøle, og så lenge det er nødvendig, seier den russiske presidenten.

Medvedev sa dette på eit møte i det russiske tryggingskabinettet, som vart kalla saman etter dei to sjølvmordsaksjonane på metroen i Moskva.

- Ingen kompromiss

Medvedev sa på møtet at Russland ikkje vil inngå kompromiss i kampen mott terror, men han la til at menneskerettane skal respekterast i alle politioperasjonar, opplyser ein talsmann for Kreml.

Statsminister Vladimir Putin, som er på ferie i Krasnojarsk i Sibir, sa under ein videokonferanse med tryggingskabinettet at terroristane skal knusast.

- Eg kjenner meg trygg på at politi og tryggingstyrkar vil gjere alt som er mogleg for å oppspore og straffe dei skuldige. Terroristane skal øydeleggjast, sa Putin blant anna.

Ein av medarbeidarane hans seier at Putin vil avbryte opphaldet sitt i Sibir og reise tilbake til Moskva i løpet av dagen.

Alexander Bortnikov, sjefen for den russiske beredskapstenesta, seier at terrorangrepa i dag tidleg verkar å ha band til militante grupper i det nordlege Kaukasus.

Fordømmer angrepa

USAs president Barack Obama fordømmer terrorangrepa i Moskva på det sterkaste, og det same gjer Storbritannias statsminister Gordon Brown.

- Det amerikanske folket står saman med det russiske folk mot valdeleg ekstremisme og mot slike forferdelege terroraksjonar, som demonstrerer total mangel på respekt for menneskeleg liv, sa Obama blant anna i sin kommentar.

NATOs generalsekretær Anders Fogh Rasmussen tek også avstand frå sjølvmordsangrepa i Moskva i dag.

- Eg fordømmer desse angrepa på det sterkaste. Det finnest ingen rettferdiggjering av slike angrep mot uskuldige sivile, sa NATO-sjefen i ei fråsegn.

Han la til at at NATO vil halde fram samarbeidet med Russland i kampen mot internasjonal terrorisme.

Også Frankrike og Austerrike har fordømt angrepa som barbariske og grufulle.

VIDEO:

Video Animasjon av selvmordsangrepet

SISTE NYTT

Siste nytt