NRK Meny
Normal

Aukande aktivitet ved rakettbasar i Nord-Korea

Nord-Korea viser musklar og trugar på ny med rakettangrep etter at amerikanerane sende patruljerande bombefly over Sør-Korea. Det blir fredag varsla om aukande aktivitet ved nordkoreanske rakettbasar.

Nord-Korea viser musklar og trugar på ny med rakettangrep etter at amerikanerane sende patruljerande bombefly over Sør-Korea. Det blir fredag varsla om aukande aktivitet ved nordkoreanske rakettbasar.

Demonstrasjon og massemønstring i Nord-Korea sin hovudstad Pyongyang fredag.

– Det er nyleg registrert ein kraftig auke i rørslene til køyretøy og soldatar ved Nord-Korea sine basar for mellomdistanse- og langdistanserakettar, opplyser ei militær kjelde til det sørkoreanske nyheitsbyrået Yonhap.

Den stigande aktiviteten ved rakettbasane blei registrert like etter at despoten i Nord-Korea Kim Jong-un gav ordre om å gjera dei strategiske rakettane i landet klare til bruk.

«Skal ta livet av flya som fienden er så stolt av»

Ordren er ein reaksjon på gårsdagens maktdmonstrasjon frå USA. Stormakta sende to B-2 bombefly på patrulje over Sør-Korea for å visa nordkoreanarane at beredskapen er på topp.

Flya slapp inaktive bomber over eit sørkoreansk treningsområde nær grensa til naboen i nord.

Reaksjonane frå Nord-Korea kom umiddelbart, og fleire tusen nordkoreanarar deltok fredag i ein demonstrasjon og ei massemønstring av militære musklar på hovudplassen i Pyongyang.

–Så snart dei rører på seg, skal me ta livet av B-2 bombeflya og atomubåtane som fienden er så stolt av, sa hærkommandøren Kwon Yong Chol i ein tale til folkemengda.

Hærkommandør Kwon Yong Chol

Hærkommandør Kwon Yong Chol langa ut mot USA sitt arsenal i ein tale fredag.

Foto: AP

I strupen på forsvarsministeren og presidenten

Militærkommandøren brukte ord som «giftige slange» og «galne hund» i sine referansar til presidenten og forsvarsministeren i sør.

Mun Kyong Dok

Leiaren for folkekomiteen i Pyongyang, Mun Kyong Dok.

Foto: AP

«Ut med det amerikanske militæret» og «Død over dei som vågar å invadera oss», var bodskapen demonstrantane bar med seg.

Både soldatar og studentar marsjerte og ropa slagord under den halvannan time lange demonstrasjonen.

– Med militær handling skal me visa at hæren og folket i Den demokratiske folkerepublikken Korea har ein urokkeleg vilje til å gå til motangrep for å forsvara suverniteten og vørdnaden til den eineståande leiarskapen i landet, lydde den trugande varslinga frå leiaren for folkekomitéen i hovudstaden, Mun Kyong Dok.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt