Her skyt militæret ein 19-årig demonstrant i Myanmar

Ei 19 år gamal jente er kritisk skadd etter at ho blei skoten i hovudet av politiet i Myanmar. I hovudstaden Naypyidaw blir det skote det gummikuler mot tusenvis av demonstrantar som protesterer mot militærkuppet.

Her blir ein 19 år gammal jente skoten i hovudet av politiet. Ho er ein av demonstrantane som protesterer mot kuppet i Myanmar.

For fjerde dag på rad har demonstrantar strøymt ut i gatene i fleire byer i Myanmar for å krevje at demokratiet blir innført att.

Ein video som NRK har fått tilgang til, viser augneblinken der ei 19 år gamal jente blir skoten i hovudet av politiet.

Ho har på seg ein raud genser og motorsykkelhjelm. Skot blir høyrde på videoen, og ho fell brått om på bakken, før personar rundt ho hjelper ho vekk.

Ifølgje 7 Days News, er 19-åringen kritisk skadd og har blitt frakta til sjukehus.

Det skal ha blitt fyrt av skarp ammunisjon mot henne.

I Naypitaw i Myanmar brukte politiet vannkanoner for å spre demonstrantene. FOTO: Reuters

I Naypidaw i Myanmar brukte politiet vasskanonar for å spreie demonstrantane. VIDEO: Reuters

Vasskanonar og gummikuler

I hovudstaden Naypyidaw tok politiet først i bruk vasskanonar, før det ifølgje augevitne blei det også skote gummikuler mot demonstrantane.

Minst 27 personar, mellom dei både demonstrantar og journalistar, er arresterte i den nest største byen i Myanmar tysdag. Ifølgje nyheitsbyrået Reuters kom arrestasjonane i Mandalay fordi demonstrantane trossa militærregjeringa sitt forbod mot større forsamlingar.

På sosiale medium går no diskusjonen om folk skal møtest i grupper på fire for å komme seg rundt forbodet.

Ein journalist frå Democratic Voice of Burma fortel til nyheitsbyrået at han blei arrestert etter at han hadde filma demonstrasjonane.

Lærere sitter ned og demonstrerer på gaten i Myanmar

Lærarar iden tidlegare hovudstaden har sett seg ned på gata i protest mot militærkuppet.

Foto: STR / AFP

Lærar-protest

I Myanmars største by Yangon marsjerte hordar av lærarar ned hovudgata i bydelen San Chaung natt til tysdag norsk tid, sjølv om det er innført portforbod der, melder nyheitsbyrået AFP.

Lærarane gjekk saman ned hovudgata medan dei heva tre fingrar i vêret, symbolet på demokratikampen i Søraust-Asia.

Etter kvart sette dei seg roleg ned på bakken i ein «sitt ned-protest». På plakatar bad dei om rettferd for Myanmar og at protestane for demokrati skal går føre seg på fredfullt vis.

Juntaen har forbode demonstrasjonar i ei rekkje byar, og truar med maktbruk mot folk som protesterer. I hovudstaden Naypyidaw brukte politiet vasskanonar mot demonstrantane.

Demokratiforkjempere protesterer i Yangon i Myanmar 9 februar 2021

KREV SUU KYI FRI: Demonstrantane i Yangon kravde mellom anna at den valde leiaren Aung San Suu Kyi skal settast fri.

Foto: STRINGER / Reuters / NTB

Lova «demokrati» i TV-tale

I ein fjernsynstale måndag kveld, ei dryg veke etter militærkuppet, varsla militærjuntaen at dei vil byggje eit «ekte og disiplinert demokrati» i Myanmar.

Dei åtvara samstundes demonstrantane om at dei ville slå effektivt ned på dei som «bryt lova og forstyrrar, forhindrar og øydelegg stabiliteten i landet, den offentlege tryggleiken og respekten for lovene i landet».

General Min Aung Hlaing

LOVNADER: General Min Aung Hlaing lova i ein fjernsynstale at Myanmar skal få eit «ekte og disiplinert demokrati».

Foto: Myawaddy TV / AP / NTB

Unntakstilstand

Kort tid etter kunngjorde kuppmakarane at det var innført unntakstilstand og portforbod i sju bydelar i Mandalay, landets nest største by.

Unntakstilstanden inneber forbod mot å demonstrere og å samle seg i grupper på fleire enn fem personar.

Militærjuntaen har innført eitt års unntakstilstand, før det ifølgje dei skal haldast nyval. Dei har ikkje sagt noko om når valet skal vere.

Militæret og demonstranter i Myanmar

Opprørspolitiet står klar på ei gate i Yangon.

Foto: STR / AFP

New Zealand kuttar diplomati-band

Tysdag kunngjorde New Zealand at landet frys alle politiske og militære band til Myanmar etter militærkuppet for ei veke sidan.

LES MEIR:

SISTE NYTT

Siste nytt