Hopp til innhold

Audi: 2,1 millionar bilar er omfatta av jukset

Audi seier at 2,1 millionar av bilane på verdsbasis er utstyrt med programvara som morselskapet Volkswagen har brukt til å jukse i utsleppstestar i USA. No har tysk påtalemakt sett i gong etterforsking av den tidlegare sjefen i VW.

Bilfabrikk som lager Volkswagen-biler i Wolfsburg, Tyskland

Aksjane til VW fell igjen på børsen, same dag som morselskapet VW opplyser at 2,1 millionar Audi-bilar er råka av skandalen.

Foto: FABIAN BIMMER / Reuters

I Vest-Europa er 1,42 millionar av Audi sine bilar med sokalla EU5-motor råka, av dei 577 000 i Tyskland.

Nesten 13 000 bilar i USA er utstyrt med programvara, opplyser ein talsmann for Audi i ei pressemelding måndag. Volkswagen har sagt at 11 millionar bilar verda over har programvare som pyntar på utsleppa.

Martin Winterkorn trakk seg i førre veke frå stillinga som konsernsjef for Volkswagen etter utsleppsjuks på dieselbilar. Men han nekta for at han kjente til jukset.

No har tysk påtalemakt sett i verk etterforsking av den avgåtte sjefen.

Martin Winterkorn, styreleder i Audikonsernet

Martin Winterkorn vert no etterforska av tysk påtalemakt etter avsløringane om utsleppsjukset.

Foto: MICHAELA REHLE / Scanpix/Reuters

– Vi ventar på tal frå USA

Informasjonssjef i Audi Norge, Marius Tegneby, seier at dei ikkje har meir informasjon enn det som står i pressemeldinga.

Marius Tegneby

Marius Tegneby i Audi seier at dei ventar på tal frå fabrikken, før dei kan seie noko om bilane i Noreg.

Foto: Audi

– Vi ventar på tal og info frå fabrikken, før det kjem kan vi ikkje seie noko om dette kan gjelde norske bilar, seier Tegneby.

Bilane er ikkje lenger i produksjon

Ifølgje Tegneby i Audi, gjeld utsleppsskandalen berre EU5-motorar, og andre som vert brukt av fleire modellar i VW-konsernet. Altså ikkje motorane av typen EU6.

– Dette gjeld ikkje V6 TDI- eller V8 TDI-motorane som vert selde no, eller av eldre generasjon, seier han. Han seier at den aktuelle EU5-motoren ikkje lenger er i produksjon.

Blant Audi-modellane som er råka er A1, A3, A4, A5, A6, TT, Q3 og Q5.

VW-aksjen fell igjen

Germany Volkswagen

Matthias Müller er ny sjef i Volkswagen.

Foto: Michael Sohn / Ap

Aksjane til den skandaleråka bilprodusenten Volkswagen fall over 6 prosent i føremiddagshandelen i Frankfurt måndag.

Skandalen som vart løyst ut då selskapet sist veke innrømde utsleppsjuks, rullar vidare.

Etter eit kraftig børsfall steig VW-aksjen før helga, men måndag peikte pilane igjen nedover.
Aksjen vart måndag formiddag omsett for 100,20 euro, eit fall på 6,6 prosent.

Selskapet har fått installert programvare som pyntar på utsleppa av helseskadelege stoff når dieselbilar blir testa.

SISTE NYTT

Siste nytt