Hopp til innhold

Åtvarer jøder mot å bruke kippa

Jødar sør i Frankrike vert åtvara mot å bruke det jødiske hovudplagget kippa etter machete-angrepet måndag.

Kippasalg i Jerusalem

ÅTVARER: Jødar sør i Frankrike vert oppmoda om å la kippaen ligge att heime for å unngå at nokon skal bli skadd eller drepne.

Foto: Maya Hasson / Ap

– Å ikkje bere hovudplagget kan redde liv. Det er det viktigaste av alt, seier Zvi Ammar, president i den jødiske paraplyorganisasjonen Consistoire israélite de Marseille, melder Reuters.

Måndag gjekk ein tenåring til åtak på ein lærar i Marseille i Frankrike. Den 35-år gamle læraren fekk moderate skadar, og forsvarte seg ved å sparke 15-åringen.

Tenåringen, som har kurdisk og tyrkisk bakgrunn, vart pågripen av politiet, og han fortalde då at han er tilhengar av Den islamske stat, IS. Tenåringen forklarte også til politiet at han planla å drepe politifolk så snart han kom ut av politiets varetekt.

Vil ikkje at nokon skal døy

Læraren skal ha brukt ein kippa, og Frankrike sin innanriksminister kalla åtaket «brutal antisemittisk aggresjon».

France Paris Attacks Concert Horror Bataclan

KAOS: Det var kaos etter at teroristar slo til på fleire adresser i Paris i november. 130 menneske vart drepne.

Foto: Thibault Camus / Ap

Difor går no Ammar ut tysdag og åtvarar mot hovudplagget.

– Jødar bør ikkje bruke kippa på gatene, melder nyhendebyrået.

– Det er vondt at vi komen til dette, men eg vil ikkje at nokon som skal døy fordi dei brukar eit hovudplagg, seier Ammar til avisa La Provence daily.

Frankrike har den største gruppa av både muslimar og jødar i Europa, og det har vore auka merksemd kring terrorfaren i landet etter åtaket som drap 130 menneske i november.

Får motstand av sine eigne

Marseille har den tredje største gruppa av jødar i Frankrike, og Ammar, som sjølv er jøde, seier han no let sin kippa ligge.

– På søndag vil det vere den første gongen eg går til synagogen utan hovudplagget.

Men Ammar møter motstand av sine eigne.

Sjefsrabbiaren i Frankrike, Haim Korsia oppmodar jødar til å halde fram med å bere hovudplagget. Det same gjer Roger Cukierman, leiar for fleire jødiske organisasjonar.

– Det vil vere svært defensivt å ikkje bere kippa, seier han.

SISTE NYTT

Siste nytt