NRK Meny
Normal

Åtvarar om terror i India

Den amerikanske ambassaden i India åtvarar om moglege terrorangrep i New Delhi eller Mumbai dei nærmaste dagane.

Oppryddingsarbeid på jernbanestasjonen i Mumbai India etter terroraksjonen 11.juli 2006
Foto: Sebastian D'Souza / Scanpix/AFP

Åtvaringa frå den amerikanske ambassaden kjem dagen etter at britisk politi sa dei hadde avverja eit gigantisk terrorangrep mot fly på veg frå Storbritannia til USA.

Amerikanske statsborgarar i India blir bedne om å halde ein låg profil og vere merksame på det som skjer rundt dei.

Bombene eksploderte i flere tog omtrent på samme tiden i rushtidstrafikken
Foto: Scanpix/AFP

Ein talsmann for den amerikanske ambassaden i New Delhi seier dei har gått informasjon om at utanlandske terroristar, moglegvis frå Al Qaida-nettverket, planlegg fleire angrep i India. Han seier at moglege mål er flyplassar, viktige indiske regjeringskontor og store samlingspunkt som marknadsplassar og hotell.

Ambassaden samabeidar tett med indiske styresmakter, seier talsmannen vidare.

15. august feirar India dagen for frigjeringa frå Storbritannia i  1947. Det har også tidlegare vore terrorangrep i India i samband med frigjeringsdagen.

For ein månad sidan vart den viktigaste kommersielle byen i India, Mumbai, ramma av ein serie bombeangrep mot fleire tog i rushtida. 186 menneske vart drepne, og rundt 1000 menneske vart skadde i det styresmaktene reknar med var terrorangrep sett i verk av muslimske separatistar frå Kashmir.

Politiet i New Delhi seier i går kveld arresterte to medlemer av den islamistiske gruppa Lashkar-e-Taiba på hovudjernbanestasjonen i byen. Dei hadde sprengstoff og våpen med seg, og politiet trur dei hadde planlagt angrep i samband med frigjeringsdagen.

 

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt