NRK Meny
Normal

Åtvarar nordmenn i Beijing om terrorfare i jula

Norske styresmakter ber nordmenn i Beijing om å vere forsiktige og følgje råd frå kinesiske styresmakter, etter at det er sett fram terrortruslar mot vestlege borgarar i Sanlitun-området i julehøgtida.

Terrorberedskap i Beijing.

Det er mange soldatar i gatene i Sanlitun-området i Beijing på julaftan.

Foto: JASON LEE / Reuters

– Vi kjenner til at kinesiske medium har meldt om truslar mot vestlege borgarar i Sanlitun-området i Beijing i jula. Vi følgjer nøye med på dette, og vi har bede nordmenn i byen om vere forsiktige og følgje alle råd og påbod frå kinesiske styresmakter , seier pressetalskvinne Ane Lunde i Utanriksdepartementet.

Ane Haavardsdatter Lunde

Ane Lunde er pressetalskvinne i Utanriksdepartementet.

Ho fortel at det er lagt ut informasjon om dette på heimesida til den norske ambassaden i Beijing på Internett.

Populært område

Også fleire andre vestlege ambassadar i Beijing har åtvara innbyggjarane sine i landet om ein mogleg terrortrussel mot Sanlitun-området i Beijing, eit område med mange utlendingar.

Det er mange kjøpesenter, butikkar, barar og restaurantar i denne bydelen, som er spesielt populær blant vestlege. Det er ekstra stor trafikk her i jula.

Det er uklart kven som har sett fram truslane, men det er tydeleg at kinesiske styresmakter tek dei på alvor. Soldatar frå Snøleopard-styrken, ei eliteavdeling i det kinesiske forsvaret, er plasserte ut i Sanlitun i jula. Bilete frå området viser tungt væpna soldatar ute i gatene blant folk som er ute på julehandel.

Gul alarm

Soldat frå Snøleopard-avdelinga i Beijing.

Ein elitesoldat frå Snøleopard-brigaden vaktar handlande i Sanlitun-området på julaftan.

Foto: JASON LEE / Reuters

Beijing har innført gul alarm i byen, eit nivå som tilseier at det er sett fram truslar, eller at det er gjort funn av eksplosiv. Ifølgje nyheitsbyrået AP er det ikkje uvanleg at det blir innført gul alarm i høgtidsperiodar.

Gul alarm betyr blant anna at alle søppelbøtter i området blir sjekka kvar halvtime, og det blir utvida kontrollar av både personar, varer og køyretøy.

Kinesiske styresmakter fryktar først og fremst terror frå uiguriske opprørarar, som kjempar for ein sjølvstendig stat i delar av Xinjiang-provinsen. Uigurane er muslimar og har tyrkiske og tatariske anar. Dei ynskjer ein sjølvstendig stat med namnet Aust-Turkestan.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt