Hopp til innhold

Åtvarar mot farlege dagar i Egypt

I går avgjorde egyptisk høgsterett at parlamentsvalet som vart halde for eit halvt år sidan var grunnlovsstridig. Med to dagar att til presidentvalet åtvarar Det muslimske brorskapet om dei komande dagane.

Tahrir-demonstrantar

FRYKTAR KAOS: Egyptisk høgsteretts avgjersle kan skape kaos berre dagar før avgjerande runde i presidentvalet, fryktar aktivistar og Det muslimske brorskap.

Foto: AHMED JADALLAH / Reuters

Det muslimske brorskapet i Egypt

ÅTVARAR: Mohammed Mursi (i forgrunnen) og Det muslimske brorskap åtvarar mot dei komande dagane i Egypt.

Foto: MARCO LONGARI / Afp

– Me er no på veg inn i eit par farlege dagar, som kan vise seg å verte meir farlege enn dei siste dagane av Mubarak-regimet, sa Det muslimske brorskapet i går.

Mange har uttrykt sterk misnøye over avgjersla til egyptisk høgsterett som vil føre til at parlamentet må avviklast. Særleg vert tidspunktet for bestemminga kritisert. Om to dagar skal Egypt halde sin avgjerande presidentvalrunde.

– Det endrar føresetnadene for presidentvalet. Fordi no endar me opp med ein president som ikkje har eit parlament eller ei grunnlov. Dermed må den nye presidenten forholde seg til militærrådet, seier Sigurd Falkenberg Mikkelsen, NRKs Midtausten-korrespondent frå Kairo.

Aktivistar fryktar militærkupp

Aktivistar, organisasjonar og politiske aktørar åtvarar mot det dei kallar eit kupp. Islamist, og kandidat i fyrste runde av presidentvalet, Abdul Moneim Aboul Fotouh, er ikkje redd for å nytte det ordet.

– Eg kallar det eit kupp, hundre prosent. Dei som trur at millionar av unge vil godta dette lever i ei draumeverd, seier han til AFP.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Demonstrant mot presidentkandidat og tidlegare statsminister Ahmed Shafiq

TIL TAHRIR IGJEN: Mange samla seg torsdag ved Tahrir-plassen for å demonstrere mot høgsteretts avgjersle. Denne demonstranten protesterer òg mot Ahmed Shafiqs kandidatur.

Foto: PATRICK BAZ / Afp

Han får støtte frå aktivist Wael Khalil, som peikar på at høgsterett no har fjerna den einaste demokratisk valde institusjonen i Egypt.

– Det var militærrådet som fyrst oppretta den nye valloven, og no har dei plutseleg funne ut at han er grunnlovsstridig? spør Khalil.

– Sjølvklart var det ei politisk avgjersle, avsluttar han.

Attende til januar 2011

NRKs Midtausten-korrespondent meiner òg det minnar eit kupp; iallfall på det juridiske plan.

– Parlamentet er oppløyst, og både den lovgjevande og utøvande statsmakt er no i hendene på militærrådet. I tillegg finst det ikkje ei ny grunnlov. Ein må sjå det heile i samanheng med at onsdag fekk militærrådet gjennom ei avgjersle som seier at sivile kan arresterast fritt. Det tyder at militærrådet har fritt spelerom, seier Falkenberg Mikkelsen.

Realiteten er at dei demokratiske stega tekne fram til no i praksis er avvikla, og egyptarane er tilbake til januar 2011. Det er venta store protestar etter fredagsbøna i Kairo i dag. Mange sinte stemmer vil verte høyrt.

– Det egyptiske folk stemte i parlamentsvalet, me stemte ikkje for militærrådet. Og no sit me igjen berre med militærrådet, seier Ahmed Khater, ein oppgitt Kairo-innbyggjar.

Den vidare prosessen er ikkje lagt i Egypt etter høgsteretts avgjerd torsdag. Presidentvalet skal gå sin gang, og startar på laurdag. Det ligg an til eit nyval til parlamentet, men ingen dato er fastsett.

SISTE NYTT

Siste nytt