NRK Meny
Normal

Åtte NATO-soldatar drepne

Åtte NATO-soldatar er torsdag drepne i ulike åtak i Afghanistan i dag. Dødstala for utanlandske styrkar i landet er no på sitt høgaste sidan krigen starta i 2001.

NATO-soldatar i Afghanistan

Ein skadd NATO-soldat får hjelp etter ein bombeeksplosjon i Kandahar tysdag 12.oktober.

Foto: MASSOUD HOSSAINI / Afp

Totalt er 589 utanlandske soldatar drepne i Afghanistan så langt i år, ifølgje tal frå nettstaden icasuealities.org.

Dei internasjonale styrkane (ISAF) har førebels ikkje gått ut med nasjonalitetane til dei drepne, men polske styresmakter har stadfesta at ein av soldatane er polakk.

Onsdag blei seks NATO-soldatar drepne i ei rekkje åtak i sør- og aust-Afghanistan, og førre veke mista fire italienske soldatar livet i eit bombeåtak.

Det er no 152.000 soldatar frå NATO og USA i Afghanistan.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt