Åtte kan ha mist livet i lyn-inferno i Tatrafjella

Tre menneske er framleis sakna etter lynnedslaga i Tatrafjella mellom Polen og Slovakia i går. Frå før er fem stadfesta døde og 150 skadde.

Lynnedslag i Tatrafjella.

Ein skadd mann får hjelp av brannfolk etter dei massive lynnedslaga i Tatrafjella på grensa mellom Polen og Slovakia i går.

Foto: Agencja Gazeta / Reuters

Tatrafjella er eit populært turområde, og det var mange menneske ute på tur i går då eit kraftig uver slo inn over fjellområdet. Lynnedslaga ramma blant anna Giewont, ein av dei mest populære fjelltoppane i området.

Lynnedslag i Tatrafjella.

Fem redningshelikopter var i aksjon for å få ut dei skadde frå området rundt fjelltoppen Giewont.

Foto: Agencja Gazeta / Reuters

Folk som var på tur der i går seier at det kraftige uveret bokstaveleg talt kom som lyn frå klar himmel. Det var klart og fint ver før det plutseleg braka laust, og det blir fortalt om svært dramatiske scener.

Slo ned i kjetting

Lynet slo blant anna ned i ein metallkjetting festa langs den øvre delen av Giewont-fjellet. Kjettingen er sett opp for å lette turen oppover den bratte stigen for turgåarane.

Fire av dei stadfesta dødsfalla skjedde på den polske sida av grensa, medan det femte skjedde inne i Slovakia. Minst to av dei omkomne skal vere born.

Sjefen for redningstenesta på den polske sida, Jan Krzysztof, seier at redningsarbeidarar går gjennom dei mange stigane ved Giewont-fjellet for å leite etter dei sakna. Han fortel at aksjonen etter lynnedslaga i går er den klart mest omfattande aksjonen mannskapet hans har vore med på.

– Situasjonen kan samanliknast med eit terrorangrep. Mange tilfeldige menneske vart ramma, også born. Nokre var forbrende, andre har brotne bein, andre med sår over heile kroppen, seier han til nyheitsbyrået Reuters.

Lynnedslag i Tatrafjella.

Ambulansar og ambulansehelikopter gjekk i skytteltrafikk for å få dei skadde på sjukehus.

Foto: Agencja Gazeta / Reuters

22 framleis på sjukehus

Fem redningshelikopter deltok i den dramatiske aksjonen, og 22 av dei rundt 150 skadde ligg framleis på sjukehus. Mange av dei har til dels store brannskadar, medan andre igjen har sårskadar. Det er også fleire som har fått hjarteproblem etter uveret.

Den kjende vintersportsstaden Zakopane ligg i dette området i Tatrafjella.

SISTE NYTT

Siste nytt