Eksplosjonen skjedde like ved Tzrifin-basen, den største militærbasen i det sentrale Israel, på ein busshaldeplass som soldatane brukar når dei skal reise til og frå basen. Sjølvmordsbombaren slo til ved arbeidstidas slutt i ettermiddag, då mange som arbeidde på basen var på veg heim. Dei drepne er fire mannlege og fire kvinnelege israelske soldatar.
Sjølvmordsbombaren medan busshaldeplassen utanfor militærbasen då det var fullt av folk som venta på bussen. (Foto: Nir Elias)
Kvinne
Israelsk politi melder at tilstanden til seks menneske er alvorleg. Sjølvmordsbombaren er ein av dei åtte som er funne døde, opplyser politiet. Det kan ha vore ei kvinne som sprengde seg sjølv i lufta på bussstoppen, trur politiet. Det var fullt av soldatar og andre som venta på bussen. Åstaden ligg like ved eit større sjukehus.
Politiet evakuerte alle som var i nærleiken av eksplosjonsstaden, av frykt for at det kunne vere fleire bomber i området. Politiet jaktar på ein bil som vart sett køyre fort bort i retning Netanya like før eksplosjonen. Dei er likevel ikkje sikre på at sjølvmordsbombaren vart køyrd dit, eller om vedkomande kom til bushaldeplassen til fots.
Hamas-leiaren Abdelaziz Rantissi sa like etter bombeeksplosjonen at det som har skjedd var eit svar på sionistiske brotsverk, utan at han tok på seg ansvaret for sjølvmordsaksjonen. Først seint i kveld sa ein representant for Hamas til den arabiske fjernsynsstasjonen Al Jazeera at Hamas står bak.
Slakting
Ein regjeringstalsmann seier at Israel held Hamas ansvarleg for "slaktinga", og går til kraftig åtak på Yasir Arafat for at han hindrar den palestinske regjeringa i å slå ned på dei væpna, palestinske gruppene.
Ein tenestemann ved statsminister Ariel Sharon sitt kontor seier at Israel kjem til å gjennomføre naudsynte tiltak for å oppløyse militante grupper, og at Israels folk står over for palestinsk vrangvilje.
Mannen som Yasir Arafat har utpeikt som ny palestinsk statsminister, Ahmed Korei, fordømde i kveld sjølvmordsaksjonen utanfor Tel Aviv, og ba israelske og palestinske leiarar avslutte valdssyklusen i Midtausten.
- Vi fordømmer alle drap som rammar sivile, anten det er palestinarar, eller israelarane som vart drepne i eksplosjonen i kveld, heiter det i ei fråsegn frå Korei, som også går under namnet Abu Alaa.
Blir i India
Israels statsminister Ariel Sharon, som er på offisielt besøk i India, fordømmer også sjølvmordsaksjonen, og seier at det må bli slutt på all form for terror før det kan bli snakk om fred. Ein medlem i Sharon sin delegasjon seier til nyheitsbyrået AFP at Sharon ikkje kjem til å avbryte besøket i India på grunn av terroraksjonen.
Sjølvmordsaksjonen i dag var den første i Israel sidan 19. august, då 22 menneske vart drepne i Jerusalem. Ein sjølvmordsbombar sprengde seg sjølv inne i ein full leddbuss i sentrum av byen.
Minst fem menneske vart drepne i ein sjølvmordsaksjon like utanfor Tel Aviv i ettermiddag. (Foto: Israelsk fjernsyn)