Hopp til innhold

Åtte år gamle Saffie døydde i terroren

Familien til åtte år gamle Saffie Rose Roussos leitte desperat i fleire timar etter jenta som var på konserten i lag med den eldre søstera og mora. No er Saffie stadfesta død, skriv The Guardian.

Savnet - Manchester - Saffie Rose Roussos

Åtte år gamle Saffie Rose Roussos er død etter åtaket på Manchester Arena.

Foto: Privat / Facebook

Saffie Rose Roussos var på konserten i lag med mor Lisa Roussos og den eldre søstera Ashlee Bromwich i går kveld. Mor og søster fekk skader av splintane som fauk i vêret då bomba gjekk av. Ingen av dei skal vere kritisk skadde.

Dei får begge behandling på to ulike sjukehus for skadane etter Ariana Grande-konserten i går. Men ingen visste kvar den åtte år gamle dottera og søstera var blitt av i timane etter åtaket.

Det er rektor Chris Upton ved skulen der Saffie gjekk på, som no stadfestar at Saffie er død, ifølgje avisa The Guardian.

På ein pressekonferanse nyleg fortalde helsepersonell at 12 born under 16 år ligg hardt skadde på sjukehus.

– Elska av alle

– Dødsfallet kom som eit sjokk på oss alle, og tanken på at nokon går på ein konsert for så å aldri kome heim att er hjarteskjerande, seier Upton.

Han skriv vidare at Saffie var ei vakker lita jente på alle måtar. Ho var elska av alle og hennar varme og gode vesen aldri vil bli gløymt.

Familien Roussos er frå Tarleton, nær Preston i Lancashire skriv Manchestereveningnews.

Manchester Arena

Det var inne i foajeen til Manchester Arena at bomba gjekk av.

Foto: OLI SCARFF / AFP

Hundrevis av pårørande leitar etter sine kjære etter terroråtaket i går. Slekt og vener publiserer etterlysingar i sosiale medium for å spore dei opp.

Det første stadfesta offeret etter terroren er no namngitt i media. 18 år gamle Georgia Callander døydde på sjukehuset av skadane ho fekk.

Tusenvis av born, tenåringar og vaksne var inne i Manchester Arena seint i går kveld då ein sjølvmordsbombar detonerte ei sokalla improvisert bombe. Politiet har stadfesta at det er born blant dei drepne.

Gjerningsmannen var åleine om sjølve åtaket

Politiet i Manchester har arrestert ein 23 år gammal mann etter bombeåtaket måndag kveld, melder BBC.

Det er førebels ikkje kjent kva slags band politiet meiner denne mannen skal ha hatt til åtaket. 22 menneske vart drepne då ei bombe vart utløyst på ein konsert med Ariana Grande.

Den antekne gjerningsmannen er død, og politiet trur han utførte sjølvmordsåtaket åleine. Motivet, og om han handla åleine eller som ein del av eit nettverk, er framleis ikkje stadfesta av etterforskarane.