Dette kom fram i samtalar mellom japanske og nordkoreanske utsendingar i den malaysiske hovudstaden Kuala Lumpur. Partane er på kollisjonskurs også når det gjeld spørsmålet om dei japanske statsborgarane som vart bortførte av Nord-Korea på 80-talet.
Den japanske talsmannen seier at den nordkoreanske utsendinga slett ikkje ville stanse atomvåpenprogrammet sitt, og at programmet var eit svar på USA sin fiendtlege politikk overfor landet.
Japan og Nord-Korea har halde samtalar i Kualalumpur for å prøve å normalisere forholdet mellom dei to landa, med sikte på å opprette normalt diplomatisk samband.