Atomkraftverk i Russland skal kvitte seg med to Tsjernobyl-reaktorar

SOSNOVY BOR/OSLO (NRK): På atomkraftverkbesøk i Russland kunne Norges delegasjon sjå at to av fire reaktorar blir bytta ut. Men naturvernforbundet meiner Norge bør konsentrere seg om eigne problem.

SOSNOVY BOR

NÆR NORGE: Atomkraftverket i Sosnovoy Bor brukar dei same reaktorane som eksploderte i Tsjernobyl, og ligg endå nærare Norge.

Foto: Morten Jentoft / NRK

I Finskebukta, nokre mil utanfor St. Petersburg ligg Leningrad kjernekraftverk som vart sett i drift på 1970-talet.

Kraftverket er i desse dagar omforma til eit gigantisk byggeområde, for å bytte ut to reaktorar som strekk seg heilt attende til Tsjernobyl-tida. Trass i auka sikkerheit på dette kraftverket, meiner Naturvernforbundet at Norge burde konsentrere seg om eigne utfordringar.

– Det er bra at Norge engasjerar seg i sikring av atomavfall i Russland, men det er absolutt på sin plass å feia for eiga dør og sikra det avfallet vi har liggande i Norge, seier Kjersti Album i Naturvernforbundet.

Sjå Urix frå tysdag 13.september der NRK besøker Lenin-kraftverket

Vil rydde opp

For Norge har to lagringsplassar for gammalt atomavfall. Ein på Kjeller i Oslo og ein i Halden. På Kjeller har så mange som 18 behaldarar med radioaktivt avfall rusta fast, grunna fuktigheit.

– Avfallet vert i dårlegare og dårlegare stand, samstundes som det somlast med å få på plass ein god løysing. Det fins ingen gode løysingar på oppbevaring og destruering av atomavfall i dag, men først og fremst må ein få på plass eit midlertidig lager som er tørt, seier Album i naturvernforbundet.

Ole Harbitz er direktør i strålevernet, og er med i den norsk-russiske delegasjonen som vitjar Sosnovy Bor denne veka. Han tek i mot kritikken frå naturvernforbundet, og seier dei er i gang med å rydde opp heime i Norge.

– Me er i gang med å rydde opp på Kjeller og kartlegge dei gamle syndene frå 50-talet. Me har tatt grep no, og situasjonen er under tilsyn frå statens strålevern. Det blir fulgt tett opp frå næringsdepartementet, seier Harbitz til NRK.

20års-jubileum

Til neste år feirar det norsk-russiske atomsamarbeidet 20 år. Då håpar statssekretær i Utenriksdepartementet, Tore Hattrem, at ein kan feire med ein ny milepæl

– Begge partar håpar å få dei første forsendelsane med atomavfall vekk frå Russland, og bak Uralfjella. Det er også positivt sett med norske auge at Russland fasar ut dei eldste atomreaktorane, seier Hattrem, som også er i Russland

Leningrad kjernekraftverk vart teken i bruk på 1970-tallet, og har dei same reaktorane som eksploderte på atomkraftverket i Tsjernobyl, 26. april 1986.

atomkraftverk

BYGGEPLASS: Kraftverket i Sosnovy Bor skal fornyast for å auke sikkerheita.

Foto: Morten Jentoft / NRK

Plasseringa av atomkraftverket, dryge hundre mil aust for Oslo gjer at ein eventuell lekasje av radioaktivt avfall kan få store konsekvensar for Norge. Tsjernobyl ligg til samanlikning over 150 mil Sør-aust for hovudstaden.

– Dei som står der er eldre enn dei som var i Tsjernobyl, og har vore i drift langt over levetida, sier Album i naturvernforbundet.

Laster kart, vennligst vent...

100 MIL: Mellom Oslo og kjernekraftverket i Sosnovy Bor er det 100 mil, det er 50 mil kortare enn til Tsjernobyl.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt