Hopp til innhold

Atom-organisasjon råka av brevbombe

To personar er skadde etter at ei brevbombe eksploderte på kontora til atomenergi-organisasjonen i Sveits.

Brevbombe eksploderte i Sveits

Sveitsisk politi er på staden der ei brevbombe adressert til Swissnuclear gjekk av i dag.

Foto: CHRISTIAN HARTMANN / Reuters

To kvinneleg tilsette i Swissnuclear er frakta til sjukehus med lettare skadar, seier ein politimann til nyheitsbyrået Reuters.

Swissnuclear er ei samanslutning av dei sveitsiske atomkraftselskapa som driftar dei fire kjernekraftverka i landet.

Dei to skadde har fått overflatiske brannskadar og høyrselsskadar som følgje av eksplosjonen. Politiet har sperra av kontorbygget, og kriminalteknikarar gjer undersøkingar på staden.

Det er førebels uvisst kven som står bak åtaket, som skjedde i den nordlege byen Olten, der organisasjonen har lokala sine.

Sveitsiske styresmakter utsette nyleg ei handsaming av løyve til å opna tre nye kjernekraft-anlegg, som følgje av atomkatastrofen i Japan.

Sveits fekk i 2009 om lag 10 prosent av energiforsyninga si frå atomkraft, ifølgje det sveitsiske føderale kontoret for energiteknikk (SFOE).

SISTE NYTT

Siste nytt