– Fem angripere var involvert. To av dem sprengte seg i lufta ved porten og de tre andre ble skutt og drept av sikkerhetsstyrker. Det hele er nå over, opplyser visepolitisjefen i provinsen, Delawar Shah Delawar.
Skotveksling mellom angriparane og afghanske tryggingsstyrkar er no over, opplyser politiet i området til AFP. To afghanske vaktar vart drepne av opprørarane.
- LES OGSÅ: Dødeligste angrep mot NATO siden 2001
Fleire såra
Opprørarane forskansa seg i eit bygg som blir brukt av eit tryggingsselskap som arbeider for NATO-styrkar i provinsen.
Augevitne fortalde at opprørarane skaut rakettdrivne granatar frå bygget. Fleire såra vart henta ut frå området.
Ansvaret for tryggingssituasjonen i Herat by blei overført frå NATO sine ISAF-styrkar til afghanske styrkar i juli i år, som ein del av planen om å trappa ned og avslutta det USA-leidde oppdraget i Afghanistan innan 2014.