Hopp til innhold

Åtak mot luksushotell i Pakistan

Minst 11 menneske er drepne i eit sjølvmordsåtak mot eit hotell i Peshawar.

Video nsps_upload_2009_6_9_20_27_16_775.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Bombeåtak mot luksushotell i Pakistan

Skadd person blir støtta bort.

Foto: HASHAM AHMED / AFP
Bombeåtak mot luksushotell i Peshawar i Paskistan

Ein pakistansk politimann tek hand om skadde.

Foto: HASHAM AHMED / AFP
Bombeangrep i Pakistan

Mange skada og drepne.

Foto: Aaj Television / AP
Bobeåtak i Peshawar i Pakistan

Store skadar på hotellet.

Foto: TARIQ MAHMOOD / AFP

Både eksplosiv og skytevåpen blei brukt i åtaket som tysdag råka femstjernershotellet Pearl Continental.

Politisjefen i byen stadfestar at det dreier seg om eit sjølvmordsåtak.

Skaut mot vaktpost

– Dei køyrde inn i hotellporten og sprengde den då dei var nær hotellbygningen. Ei stor bombe har eksplodert, seier Liaqat Ali frå politiet i Pakistan.

Politiet fortel at det braut ut brann etter åtaket og at 46 menneske er såra. Ifølgje rapportane skal åtakarane først ha skote mot ein vaktpost framfor hotellet.

- FN-tilsette skadd

BBC melder at fleire av dei skadde er av utanlandsk opphav. Fleire utanlandske statsborgarar skal vere frakta ut av hotellet med skadar.

Ifølge den pakistanske nyheitskanalen Dawn News blir hotellet brukt blant anna av FN. Fleire FN-tilsette skal vere skadd i åtaket.

Stort krater

Ein reporter frå nyheitsbyrået AFP er på åstaden og seier det er eit stort krater utanfor hotellet.

Redningsarbeidarar er på plass og tek hand om dei skadde og ser etter at dei er trygge.

Luksushotellet har fått store skadar.

Mange åtak

Peshawar er den regionale hovudstaden i den nordvestlege provinsen i Pakistan og grensar mot Afghanistan.

Lengst nord i provinsen ligg Swat-dalen, der pakistanske soldatar og militsstyrkar kjempar mot Taliban.

Les: Offensiv mot Taliban vinner fram

Pakistanske byar har dei siste vekene vore råka av ein serie med åtak som styresmaktene trur er hemn for offensiven mot Taliban-rørsla.

SISTE NYTT

Siste nytt