Granatar og bomber mot etterretninga og politiet

Militssoldatar har sett fyr på hovudkvarteret til etterretningstenesta i Libya, og har begynt å plyndre butikkar i sentrum av Tripoli.

LIBYA-BENGHAZI/EXPLOSION

Ein politibil som stod parkert utanfor politistasjonen i Benghazi var rigga emd sprengstoff og eksploderte søndag.

Foto: ESAM OMRAN AL-FETORI / Reuters

Ein rakettdriven granat råka søndag hovudkvarteret til etterretningstenesta i Libya.

Hovudkvarteret ligg i sentrum av hovudstaden Tripoli. Vitne fortel om skyting ved bygget. Det skal vera rivaliserande militsgrupper som kjempar i gatene utanfor kontora til etterretninga.

Butikkplyndringa går føre seg medan kampane mellom ulike militsgrupper framleis står på.

Ein dokter ved eit nærliggjande sjukehus seier han har teke imot minst fem personar etter at kampane starta søndag morgon. Også sjukehuset er skadd som følgje av skytinga, opplyser legen til Reuters.

Bilbombe utanfor politistasjon

Samstundes har ei bilbombe eksplodert i den nest største byen i landet, Benghazi.

Bomba detonerte framforbi ein politistasjon i byen. Tre polititenestemenn blei såra i det som føyer seg inn i ei rekkje åtak mot tryggingspersonell i byen den siste tida,

Åtaka søndag skjer få dagar etter at knapt hundre menneske storma nasjonalforsamlinga i protest mot den nynominerte regjeringa.

Splitta etter Gaddafis fall

Libya er splitta mellom fleire klanar som ønskjer seg innverknad og makt, etter at diktatoren Muammar Gaddafi blei teken til fange og drepen i oktober 2011.

Det er ei stor utfordring for Libya å koma til semje om ei regjering der dei ulike militsgruppene opplever å få gehør for sine interesser.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt