Hopp til innhold

Assange kan sleppe ut etter Ecuador-val

Presidentvalet i Ecuador kan bli avgjerande for framtida til Wikileaks-grunnleggjar Julian Assange. Den eine kandidaten vil sleppe han ut av ambassaden i London, motkandidaten vil at han skal bli.

ECUADOR-ELECTION/

Valet er i gang i Ecuador. Her ventar veljarar på å stemme på ein skule i byen Guayaquil. 12,8 millionar menneske kan delta i valet.

Foto: HENRY ROMERO / Reuters

DEMOCRATS-WIKILEAKS-ASSANGE

Julian Assange i den ecuadorianske ambassaden i London.

Foto: BEN STANSALL / Afp

Den venstreorienterte presidenten i Ecuador, Rafael Correa, er ikkje kandidat under valet søndag. Spørsmålet er om landet likevel kjem til å halde fram med sosialistisk styre, eller om dei konservative tek over. Veljarane er usikre.

I ti år har Correa sete ved makta. Når han no ikkje tek attval, har han utpeika tidlegare visepresident Lenin Moreno (63) som arvtakar.

ECUADOR-ELECTION-VOTE-CORREA

President Rafael Correa har gjort si borgarplikt. Søndag bestemmer folket kven som skal etterfølgje han som president Ecuador.

Foto: JUAN CEVALLOS / AFP

Men Moreno har ein sterkt utfordrar, den konservative kandidaten Guillermo Lasso (61). Blir det konservativt maktskifte, vil Ecuador dermed gå i same retning som Argentina, Brasil og Peru.

Meiningsmålingane viser at mange veljarar ikkje har bestemt seg. I ei måling tidleg i februar hadde Moreno ei oppslutning på 38,6 prosent, mens 25,7 prosent ville ha Lasso som ny president. Målinga var tatt opp av byrået Cedatos.

For at første valomgang skal vere avgjerande, er det nødvendig med 40 prosent av stemmene, og ein differanse på ti prosent til næraste utfordrar. Viss ikkje, må det haldast ein ny valomgang 2. april.

ECUADOR-CAMPAIGN-MORENO

Presidentkandidat Lenin Moreno på valkampmøte i Guayaquil. Han håpar å ta over "stafettpinnen" frå Rafael Correa.

Foto: JUAN CEVALLOS / AFP

Moreno var med i regjeringa frå 2007 til 2013. Men i det siste har han prøvd å distansere seg frå president Correa sin politikk. I valkampen har han talt varmt om høgare skattar og sosiale ytingar. Han har lova nye arbeidsplassar og tilbod om høgare utdanning for alle. Observatørar meiner Moreno er mindre konfronterande enn Correa.

Han blei skoten i ryggen under eit ran i 1998, og har sidan vore lam frå livet og ned.

ECUADOR-ELECTION/

Den konservative kandidaten Guillermo Lasso saman med kona Maria de Lourdes avslutta valkampen i Guayaquil.

Foto: HENRY ROMERO / Reuters

Utfordraren Guillermo Lasso har lova å kutte både i skattar og offentlege utgifter. Lasso vil skape arbeidsplassar ved å stimulere utanlandske aktørar til å investere i landet. Han har også planar om å gjere sentralbanken i Ecuador uavhengig av regjeringa.

Utfallet av presidentvalet vil også kunne få følgjer for grunnleggjaren av Wikileaks, Julian Assange. Han har opphalde seg i den ecuadorianske ambassaden i London dei siste åra. Det var Rafael Correa som gav Assange politisk asyl. Dersom Correa sin favoritt, Lenin Moreno skulle vinne, kan Assange bli sitjande. Den konservative kandidaten, Guillermo Lasso har sagt at han vil oppheve asylet.

Det skal også veljast ny nasjonalforsamling i Ecuador. Valresultata er venta natt til måndag norsk tid.

SISTE NYTT

Siste nytt