Hopp til innhold

Assad vil halde val i Syria

Syrias president Bashar al-Assad vil halde val i landet 12 april. Dette vil ha lite å sei for folket, seier professor Knut Vikør. Han meiner Assad berre vil demonstrere makt.

Assad stemmer ved det omstridte valget

VIL HA VAL: Frå førre val, då også medan borgarkrigen herja i Syria. No vil president Assad al- Bashar ha val på nytt i Syria.

Foto: HO / Afp

Det er nyhendebyrået Reuters som melder dette.

– Dette valet vil ikkje ha noko å seie for ein eventuell fredsavtale for nokon andre, seier professor i Midtausten-historie på UIB, Knut Vikør.

– Vil demonstrere sin styrke

Sist gong veljarane vart inviterte til urnene for å velje ny nasjonalforsamling var i 2012. Då hadde kampane rasa over Syria i eit halvt år.

Knut S. Vikør

STILLER SPØRSMÅL: Professor Knut S. Vikør er ikkje overbevist om at valet vil ha nokon betydning for Syria.

Foto: UIB

Etter eit blodig opprør frå Assad sin hær mot den fredelege opposisjonen i landet, har det vore kampar.

– At Assad no kjem med dette utspelet om å halde val, viser at han vil demonstrere sin styrke og vil få fram at han har folket med seg. Men det er svært få andre som kjem til å bry seg om dette valet, seier Vikør.

– Kor alvorleg er dette for det syriske folket?

– For dei har det lite å seie sidan dei er midt oppi ein krig no. Eg trur heller ikkje at USA vil bry seg nemneverdig om dette, seier professoren.

Vikør poengterer at presidenten har mindre og mindre kontroll i Syria, og at kamphandlingane spreier seg til stadig større område av landet.

– Han vil kunne halde val i dei områda han har kontroll over, som altså er færre og færre. Og der vil han naturlegvis få stor oppslutnad frå sine eigne. Og vi må ikkje gløyme at det i Syria er mange som støttar han fordi dei ser på han som tryggleik mot islamistar.

Vann sist med 88,7 prosent stemmer

Meldinga om val i Syria kjem få timar etter at USA og Russland kunngjorde at dei er blitt samde om ei valtale som legg opp til mellombels våpenstans i Syria frå laurdag, skriv NTB.

Homs selvmordsangrep

KNUST: Stor deler av Syria ser slik ut etter seks år med krig.

Foto: SANA / Reuters

Våpenkvila skal etter planen starte førstkommande laurdag, og skal vare i tre veker. Men verken IS eller Nusrafronten er med på avtalen.

Det har også vore krav frå Russland at det er viktig at Assad held plassen sin som president, og at han skal vere med i forhandlingar om fred.

– Vi kan jo stille spørsmål om dette valet har ei hensikt i det heile. Eg trur heller ikkje Russland no vil ha noko glede av at Assad held val i april.

Sist gong det var presidentval, i 2014, vart det dømt som ei tragisk farse, og det vart berre halde i dei områda regimet hadde kontrollen. Då vann Assad valet med 88,7 prosent oppslutnad, skriv NTB.

– Vil dette valet bety noko for nokon?

– Vi kan stille spørsmål om det vert val i det heile, seier professoren.

SISTE NYTT

Siste nytt