NRK Meny
Normal

Assad taus om reformlovnader

Presidenten i Syria var taus om dei varsla reformane då han onsdag talte til folket for første gong sidan dei valdelege opptøyane starta.

Bashar al-Assad

Syrias president Bashar al-Assad talte onsdag til nasjonen utan å kunngjera nye reformar.

Foto: - / Afp

Det var på førehand venta at president Bashar al-Assad ville konkretisera tidlegare lovnader om reformar.

Etter talen strøymde fleire hundre demonstrantar ut i gatene i hamnebyen Latakia nord i landet med krav om fridom. Dei samla seg i minst to område i byen. Innbyggjarar fortel til nyheitsbyrået Reuters at dei har høyrt skot i ein av bydelane der demonstrantane var.

Tysdag denne veka kom det ei melding frå visepresidenten i landet om at Assad løpet av dei neste dagane ville ta viktige avgjerder som skulle «tilfredsstilla det syriske folket».

Søndag kunngjorde presidenten sin rådgjevar blant anna at Assad vil oppheva ein 48 år lang unntakstilstand.

Presidenten sjølv er kjend for å vera ein kald fisk. Då han omsider dukka opp og talte til nasjonalforsamlinga onsdag, blei det ikkje sagt eit ord om dei varsla reformane, opplyser nyheitsbyrået AFP.

– Konspirasjon

I staden kritiserte Assad demonstrantane for å ha sett i gang dei dødelege protestane. Han kalla opprørarane for konspiratoriske og sekteriske.

– Opptøyane i Syria er konspiratoriske, og skil seg frå opprøra i andre arabiske land. Me er ikkje isolerte frå resten av regionen, men me er heller ikkje ein kopi av dei andre, sa Assad.

Minst 130 menneske er døde sidan opptøyane blussa opp for om lag ein månad sidan. Mange har vorte banka opp og arresterte av syriske regjeringsstyrkar.

Assad meiner eit fåtal urokråker står bak kaoset som har herja landet den siste månaden, men at fleirtalet snart vil sigra.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt