Hopp til innhold

Assad kontrollerer heile Aleppo igjen

Dei syriske regjeringsstyrkane har no full kontroll over heile Aleppo, for første gong på fire år. Dei siste opprørarane vart evakuerte frå byen i dag.

Reportasje om at Aleppo skal være gjenerobret.

VIDEO: Kontrollerer heile Aleppo

Kunngjeringa om at Aleppo igjen er under kontroll av president Bashar al-Assad og hans regjering kom på det syriske statsfjernsynet i kveld. Her vart det vist fram jublande soldatar som skaut i lufta og sivile som ropte slagord til støtte for Assad.

– Dei fire siste bussane med terroristar og familiane deira har kome fram til Ramussa, vart det sagt i sendinga. Ramussa er eit regjeringskontrollert område sør for Aleppo.

Viktig milepæl

Evakuering frå Aleppo.

Syriske soldatar observerer evakueringa på avstand.

Foto: George Ourfalian / AFP

Erobringa av Aust-Aleppo blir sett på som ein viktig milepæl for dei syriske regjeringsstyrkane, men få trur at det betyr at den fire år lange borgarkrigen går mot slutten.

FN-observatørar har overvaka evakueringa frå områda i Aleppo som var kontrollerte av opprørarar, og dei kan fortelje om desperate scener under evakueringa. FNs spesialrådgjevar for Syria, nordmannen Jan Egeland, sa tidlegare i dag at 35.000 menneske har forlate Aust-Aleppo fram til torsdag føremiddag.

Han seier at FN-observatørane spelar ei viktig rolle, fordi det betyr tryggleik for dei evakuerte. Han fortel at over 200 bussar og 750 privatbilar, blant dei mange med punkterte dekk og nesten tomme for drivstoff, er brukte i evakueringa.

Evakuering frå Aleppo.

Mange av dei evakuerte var i svært dårleg form.

Foto: George Ourfalian / AFP
Evakuering frå Aleppo.

Over 35.000 menneske er evakuerte frå Aleppo dei siste dagane.

Foto: Omar Haj Kadour / AFP

Mange sjuke og såra

Assad gir nytt intervju

Syrias president Bashar al-Assad har igjen kontrollen over heile Aleppo.

Foto: AP / Ap

Dei sjuke og såra er tekne hand om i regimekontrollerte del av av Aleppo, eller er frakta vidare til den opprørskontrollerte naboprovinsen Idlib.

Jonas Keiding Lindholm i Redd Barna i Danmark er uroa for dei som no har hamna i Idlib. Han fryktar at dei går ei utrygg tid i møte. Mange reknar med at regjeringsstyrkane, etter sigeren i Aleppo, vil gjere ein militær framstøyt i Idlib.

Han fortel at vinteren no har kome til området, og at mange born er underernærte og sjuke.

– Mange er i svært dårleg form. Dei har ikkje fått nødvendig legehjelp i Aust-Aleppo medan regjeringsstyrkane omringa bydelen, seier han til AFP.

Betydningen av Aleppos fall

Evakuering frå Aleppo.

Opprørssoldatar på veg ut av Aleppo på ein lastebil. Dei fekk ha med seg handvåpena sine.

Foto: Youssef Karwashan / AFP

Delt sidan 2012

Ulike opprørsgrupper har kontrollert det austlege Aleppo sidan juli 2012, og byen har vore delt heilt til no. Syriske regjeringsstyrkar, støtta av den libanesiske Hizbollah-militsen, andre Iran-støtta militsar og Russland, har retta harde angrep mot det opprørskontrollerte området, blant anna ved bruk av fly.

Den humanitære situasjonen i bydelen har vorte karakterisert som katastrofal, og mange sivile har levd under forferdelege forhold. Syrian Observatory for Human Rights reknar med at rundt 21.000 sivile har mist livet, og at fleire hundre tusen har flykta frå byen.

Aleppo er ein av byane i verda der det har vore lengst samanhengande busetjing. Byen var ein gong den økonomiske hovudstaden i Syria.

Bana (7): Flydd rett fra slagmarken til presidentens fang

Propagandakrigen

SISTE NYTT

Siste nytt