Hopp til innhold

Historiske tal: Asia brukar meir pengar på forsvar enn Europa

Forsvarsutgiftene i Kina aleine auka med 8,3 prosent i fjor. Europa er tilbake på 2006-nivå.

Kinesisk militær

Paramilitære politimenn trenar i Wuhan-distriktet i Kina. Militærutgiftene i landet har auka kvart einaste år i meir enn to tiår.

Foto: Ap

Som nok ein indikator på at det globale tyngdepunktet endrast, viser nye tal at dei asiatiske landa rustar opp forsvaret som aldri før, medan økonomisk krise i Europa førar til kutt.

For første gong brukte Asia i fjor meir pengar på forsvaret enn Europa. Auken i Asia var på 5 prosent, medan Kina aleine brukte 8,3 prosent meir pengar i 2012 enn året før. Samtidig førar økonomiske kutt i Europa til at det samla forsvarsbudsjettet er nede på 2006-nivå.

– Auken i forsvarsutgifter i Asia har vore så stor, og nedskjeringane i Europa så djupe, at dei totale pengebruken i Asia overgjekk forsvarsutgiftene ikkje berre NATO-landa, men i heile Europa, står det i rapporten utgitt av the International Institute for Strategic Studies.

Dei asiatiske landa har hatt ein jamn auke i opprustinga dei siste åra, noko som har speila ein stabil økonomisk vekst.

Trass i endringane i austen er det framleis USA som dominerer på verdsbasis. USA brukte i 2012 heile 45,3 prosent av dei totale globale forsvarsutgiftene. Men dersom Kina held fram med same vekstrate, kan dei gå forbi USA allereie i 2025.

Nord-Korea, som utførte si tredje atomprøvesprenging førre månad, har også auka forsvarsbudsjettet kraftig. Det isolerte landet skal ifølgje rapporten no ha det tredje største arsenalet av kjemiske våpen, og kanskje også biologiske våpen.

Ifølgje amerikanske styresmakter nyttar Nord-Korea 25 prosent av BNP til forsvarsbudsjettet, noko som er mest i verda.

SISTE NYTT

Siste nytt