Asia Bibi er sett fri – kan vere på veg til utlandet

Den kristne pakistanske kvinna Asia Bibi, som var dødsdømd for blasfemi, vart onsdag kveld sett fri frå fengselet. Advokaten hennar seier ho er om bord i eit fly på veg til ein ukjend stad.

Asia Bibi

Asia Bibi er sett fri frå fengselet i Punjab-provinsen og er truleg på veg til hovudstaden Islamabad.

Foto: AP

Ifølgje nyheitsbyrået AFP er ho på veg til hovudstaden Islamabad, der ho skal få opphald på ein trygg stad. Både Asia Bibi og mannen hennar har sagt at dei ynskjer å få reise til utlandet , men det er uklart om dette blir mogleg.

Pakistans innanriksminister Shehryar Afridi seier likevel til avisa The Nation i dag at regjeringa vil halde seg til avgjerda i høgsterett, og at dei ikkje vil setje henne på liste over personar som ikkje får forlate landet.

Saif-ul-Mulook, advokaten til Asia Bibi.

Saif-ul-Mulook, advokaten til Asia Bibi, stadfestar at klienten hans er fysisk sett fri frå fengselet.

Foto: John Thys / AFP

Han forsikrar også at tryggleiken til både henne og resten av familien er teken hand om av styresmaktene. Advokaten hennar, Saif-ul-Mulook, reiste sjølv til Nederland etter Asia Bibi vart frifunnen. Dette av tryggingsomsyn i samband med protestane mot rettsavgjerda.

Sterke protestar

Det er likevel uklart om dette betyr at Asia Bibi får reise frå Pakistan.

Det var 30. oktober at Pakistans høgsterett frikjende Asia Bibi for tiltalen om blasfemi og gjorde det klart at ho måtte setjast fri frå fengselet. Avgjerda i høgsterett førde til sterke protestar frå islamistiske grupper i landet.

Islamistar demonstrerer i Pakistan.

Frikjenninga av Asia Bibi førde til at islamistar over heile Pakistan tok til gatene for å krevje at ho skulle bli hengt.

Foto: Rizwan Tabassum / AFP
Fengsel i Multan i Punjab.

Asia Bibi har vore fange i dette fengselet i Punjab-provinsen sidan ho vart dømd til døden i 2009.

Foto: Ss Mirza / AFP

Det var store demonstrasjonar i fleire pakistanske byar, og situasjonen roa seg ikkje ned før det vart inngått ein avtale med styresmaktene. Her skal blant anna islamistane i organisasjonen Tehreek-Labbaik Pakistan (TLP) fått lovnad om at Asia Bibi ikkje skulle få forlate landet.

Fleire hundre personar vart arresterte etter masseprotestane, mistenkte for vandalisme eller vald mot politiet.

Fryktar ny uro

Skulle Asia Bibi verkeleg få lov til å reise til utlandet, vil det truleg føre til nye masseprotestar.

Asia Bibi vart dømd til døden alt i 2010. Den fattige landarbeidaren hadde året før kome i diskusjon med andre kvinnelege landarbeidarar om religion. Det starta med at dei muslimske kollegaene sa dei ikkje ville drikke av same krukka med vatn som Bibi, fordi ho var kristen.

Det var i diskusjonen som fylgde at Asia Bibi sa at menneska hadde meir å takke Jesus for, enn profeten Muhammed. Dette vart meldt vidare til ein lokal imam, som igjen kontakta politiet.

Dette var nok til at ho vart arrestert, tiltalt for blasfemi og dømd til døden.

Fleire norske politikarar, blant dei Abid Raja frå Venstre, har engasjert seg i at Noreg skal gi politisk asyl til Asia Bibi og familien hennar. I dag har også Sylvi Listhaug (Frp) kasta seg inn i kampen for å tilby den pakistanske familien opphald her i landet.

Fleire andre land har alt tilbode asyl til den pakistanske familien.

Lovar heilag krig om dødsdømd kristen kvinne blir benåda

Håpet kan vere ute for Asia Bibi

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt