NRK Meny
Normal

- Opposisjonen ein trussel mot den nasjonale tryggleiken

Ukrainas president Viktor Janukovitsj langa ut mot opposisjonen i landet i dag, men sa etter eit møte med EUs Catherine Ashton at han er klar til å ta opp igjen dialogen med EU.

Catherine Ashton møtte opposisjonen i Ukraina.

EUs utanrikssjef Catherine Ashton vart godt motteken av opposisjonsleiaren Arsenij Jatsenjuk (t.v.) og tidlegare utanriksminister Vladimir Orgryzko.

Foto: Andrew Kravchenko / Ap

Demonstrantane i den ukrainske hovudstaden Kiev held ut, trass i snø og temperaturar godt under null. Dei har ikkje tenkt å gi opp kravet om at presidenten og regjeringa hans skal trekkjer seg. Fleire tusen menneske har trufast halde stand på Sjølvstendeplassen, like ved regjeringskontora, også i dag.

Catherine Ashton og Viktor Janukovitsj.

Catherine Ashton hadde eit tre og ein halv times langt møte med Viktor Janukovitsj i Kiev i dag.

Foto: MYKHAYLO MARKIV / Afp

President Janukovitsj sjølv møtte i dag EUs utanrikssjef Cathrine Ashton pluss sine tre forgjengarar som president. I desse samtalane gjorde Janukovitsj det klart at han ville halde fram dialogen med EU, men det verkar ikkje som det kom til noko gjennombrot i samtalane.

Teken imot med jubel

Catherine Ashton har ikkje kommentert møtet, men talskvinna hennar sa at «alle relevante spørsmål var oppe til drøfting» på det tre og ein halv time lange møtet. Etter møtet med presidenten gjekk Ashton ut for å møte representantar for opposisjonen på Sjølvstendeplassen like ved presidentpalasset.

Her gjekk ho arm i arm med opposisjonsleiaren Arsenij Jatsenjuk, som gav henne ein guida tur gjennom protestleiren. Ashton vart møtte med jubel frå demonstrantane, som ynskjer at Ukraina skal knyte seg nærare opp mot UE. Då utanrikssjefen vinka til folkemengda så ropte dei unisont tilbake: «Europa», «Europa», «Europa».

Janukovitsj gjorde det klart etter møtet i dag at ei arbeidsgruppe leidd av ein visestatsminister, mest truleg vil reise til EU-hovudstaden Brussel for samtalar onsdag. Men han gjorde det samstundes klart at det er svært viktig for Ukraina å utvide det økonomiske samarbeidet med Russland.

Demonstrantane held stand i Kiev.

Demonstrantane på Sjølvstendeplassen i sentrum av Kiev nektar å gi opp.

Foto: ALEXANDER DEMIANCHUK / Reuters

LES OGSÅ: Markerte støtte for Ukraina utenfor Stortinget

LES OGSÅ: Demonstrantene lager barrikade for å hindre presidenten å komme på jobb

– Russland viktig for Ukraina

– Vi kan ikkje snakk om framtida til dette landet utan å snakke om å byggje opp igjen handelssambandet med Russland, sa han til nyheitsbyrået Reuters.

Demonstrantar varmar seg i Kiev.

Demonstrantar i Kiev har fyrt opp i ei tønne for å halde varmen i den bitande vinterkulden.

Foto: ALEXANDER DEMIANCHUK / Reuters

Janukovitsj sa på ukrainsk fjernsyn i kveld at han ikkje vil finne seg i opposisjonen sine rop om revolusjon, fordi det er ein trussel mot den nasjonale tryggleiken. Han

– Eg vil at denne mørke sida blir bladd over så snart som mogleg, og at vi aldri tillèt at det skjer igjen, sa presidenten blant anna. Han sikta til demonstrasjonane den siste tida, dei mest alvorlege sidan oransjerevolusjonen i 2004.

Sist søndag deltok over ein halv million menneske i protestane mot presidenten og regjeringa hans. Ein del av demonstrantane var ytterleggåande nasjonalistar frå det halvfascistiske partiet Svoboda, og desse greidde å rive ned ein statue av Lenin i sentrum av byen.

LES OGSÅ: Opprørspoliti utplassert i Kiev

LES OGSÅ: Demonstranter i Ukraina nekter å gi opp

Ransaka partikontor

I går gjekk det som truleg var agentar frå det hemmelege politiet inn i opposisjonen sitt hovudkvarter og gjennomførte ransakingar. Demonstrantane har prøvd å blokkere inngangane til regjeringsbygningane for å hindre dei tilsette der å kome på jobb, men barrikadane har blitt rivne av politiet.

Opprørspoliti i Kiev.

Opprørspoliti står klar til å slå til om det blir gjort forsøk på å storme regjeringsbygningane.

Foto: SERGEY GAPON / Afp

I natt vart fleire personar skadde då politiet rykte inn på Sjølvstendeplassen for å fjerne barrikadar. Det er ikkje oppgitt noko offisielt tal på såra, men partiet Svoboda har meldt om fleire skadde blant deira medlemer.

Det er uklart kor sterkt Svoboda står blant demonstrantane, men representantar for dei største opposisjonspartia seier at dei utgjer berre ein liten del av demonstrantane. Observatørar trur Svoboda-tilhengjarane er ute etter å provosere fram bråk.

– Press frå Russland

Protestane i Kiev er no inne i si tredje veke. Dei starta etter at president Janukovitsj uventa avlyste ei planlagt underskriving av ein samarbeidsavtale med EU. Denne avtalen ville blant anna gitt ukrainske borgarar rett til å reise til EU-land utan pass og visum for å ta utdanning eller å arbeide.

Mange meiner det var press frå Russland som gjorde at Janukovitsj avlyste underskrivinga av talen med EU.

Plakatar med bilete av den fengsla opposisjonsleiaren Julia Timosjenko.

Mange av demonstrantane ber plakatar med bilete av den fengsla opposisjonsleiaren Julia Timosjenko.

Foto: ALEXANDER DEMIANCHUK / Reuters

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt