NRK Meny
Normal

ICC med arrestordre på opprørsleiarar i Kongo

Den internasjonale straffedomstolen i Haag har gitt ut arrestordre på to opprørsleiarar i Kongo, som begge er sikta for fleire krigsbrotsverk.

Bosco Ntaganda

Bosco Ntaganda, ein tidlegare general i regjeringshæren i Kongo. Han er etterlyst av ICC og sikta for krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskeheita.

Foto: LIONEL HEALING / Afp

Den rwandiske opprørsleiaren Sylvestre Mudacumura, som leier opprørsgruppa FDLR (Dei demokratiske styrkane for frigjeringa av Rwanda), er sikta for fleire krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskja, opplyste ICC fredag.

Styrkane til Mudacummura har i mange år drive ei blodig geriljaverksemd i nabolandet Kongo.

«Betre seint enn aldri», er styresmaktene i Rwanda sin kommentar til arrestordren på leiaren for Hutu-militsen.

Drap, etnisk reinsing og sexslaveri

ICC har også gitt ut ny arrestordre på den kongolesiske opprørsleiaren Bosco Ntaganda, ein tidlegare general i regjeringshæren som hoppa av og danna si eiga opprørsgruppe.

Han er også sikta for fleire krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskja, deriblant drap på sivile, etnisk reinsing og sexslaveri.

Kongolesiske styresmakter seier dei er glade for at dei to no er etterlyste av ICC.

– Dette er vedlig gode nyheiter. Me har håpa på at ICC skulle koma med arrestordre på desse to veldig lenge, fordi Mudacummura har volda innbyggjarane i Kivu-regionane svært mykje skade, seier Lambert Mende, ein talsmann for regjeringa i Kongo.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt