NRK Meny
Normal

Korrupsjonstiltalt ordførar går av

Skuldingane om svindel, konspirering og korrupsjon får ordføraren i den kanadiske storbyen Montreal, Michael Applebaum til å trekkja seg frå tillitsvervet.

Canada Montreal Mayor Michael Applebaum

Ordføraren i Montreal i Canada trekkjer seg etter at han måndag blei arrestert og tiltalt for korrupsjon og ei rekkje andre lovbrot.

Foto: Ryan Remiorz / Ap

Det er Applebaum sjølv som tysdag opplyser media om sin avgang. Han held likevel fast ved at han er uskuldig.

– Å vera ordførar i Montreal er ikkje ei oppgåve ein kan ha i tillegg til å forsvara seg sjølv mot skuldingar av ein slik natur. Eg håpar de forstår at eg må bruka all min energi på mitt forsvar. Det er årsaka til at eg trekkjer meg frå vervet som ordførar i Montreal, seier den skandaleråka politikaren.

Pengeutpressing og smørjing

Då Applebaum tok på seg ordførarhatten for sju månader sidan, var det med lovnader om rydda opp i korrupsjonsskandalane som har ridd den nest største byen i Canada.

Måndag denne veka vart han sjølv arrestert og tiltalt på 14 punkt, blant anna for å ha svindla styresmaktene, konspirasjon, korrupsjon og tillitsbrot.

Påtalemakta meiner Applebaum har gjort seg skuldig i utpressing, mafiaverksemd og smørjing for titusenar av dollar.To tidlegare bystyremedlemmer er også arresterte i saka, melder CBC.

Ifølgje antikorrupsjonseininga UPAC, skal den avtroppande ordføraren ha tydd til ulovlegheiter for å oppnå løyve og politisk støtte til til to eigedomsprosjekt i ein bydel i Montreal i perioden 2006-2011, medan han var bydelsleiar der.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt