Hopp til innhold

Armenia: Gisselaksjon mot politiet

Ei væpna opposisjonsgruppe skal ha storma politihuset i hovudstaden Jerevan søndag morgon og teke eit ukjent tal gissel, ifølge den nasjonale sikkerheitstenesta.

Gisselsituasjon i Jerevan, Armenia

Politimenn sperrar ei gate etter meldingane om ein gisselsituasjon på politihuset i Jerevan.

Foto: STRINGER / Reuters

– Ei gruppe væpna menn tok seg inn på området til politiet i Jerevan og held no gissel med truslar om vald, skriv sikkerheitstenesta i ei fråsegn ifølge AFP.

Ein politimann er drepen og to andre skadde. To av gisla er slept fri ifølge sikkerheitstenesta.

Ifølge parlamentsmedlemmet Nikol Pashinyan skal det vere snakk om åtte gissel. Eit medlem av gruppa skal ha sagt at ein av gislane var landets visepolitisjef.

Gruppa skal ha band til Jirair Sefilian, ein opposisjonsleiar og tidlegare offiser som blei arrestert og fengsla i juni.

– Vi krev at Jirair Sefilian blir slept fri, vi vil berre følge hans ordrer. Sarkisian må gå av, skriv ein av gruppa sine medlemmer, Varuzhan Avetsyan på Facebook ifølge AFP.

Sefilian har kritisert Armenias president Serzh Sargsyan sterkt for korleis han har handtert den langvarige konflikten i den armensk-kontrollerte enklaven Nagorno-Karabakh.

Sikkerheitstenesta seier vidare at forhandlingar er undervegs, og skuldar tilhengarar av gisseltakarane for å spreie falske rykter om at eit statskupp er i gang. Dei seier vidare at politiet verkar som vanleg for å oppretthalde offentleg sikkerheit. TV-bilete viser mykje politi i gatene rundt politistasjonen.

Gisselsituasjon i Jerevan, Armenia

Sikkerheitsmyndigheitene seier at dei har kontroll over situasjonen.

Foto: KAREN MINASYAN / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt