Hopp til innhold

Armenia og Aserbajdsjan er samde om våpenkvile

Armenia og Aserbajdsjan har vorte samde om ei våpenkvile i konflikten om Nagorno-Karabakh-regionen, opplyser Russlands utanriksminister.

Samtaler i Moskva mellom Armenia og Aserbajdsjan, ledet av Russlands utenriksminister Sergej Lavrov. Til høyre Armenias utenriksminister Zohrab Mnatsakanyan og til venstre Aserbajdsjans utenriksminister Jeyhun Bayramov.

Samtalar i Moskva mellom Armenia og Aserbajdsjan, leidd av Russlands utanriksminister Sergej Lavrov. Til høgre Armenias utanriksminister Zohrab Mnatsakanyan og til venstre Aserbajdsjans utanriksminister Jeyhun Bayramov.

Foto: Russisk UD / AP/NTB

Utanriksministrane frå dei to krigande landa har vore samla til fredssamtalar i Moskva fredag og natt til laurdag.

Våpenkvila skal tre i kraft frå klokka 12 laurdag føremiddag.

Ifølgje ei utsegn frå partane skal våpenkvila gjere det mogleg å utveksle døde og krigsfangar, og legge grunnlag for ein varig fred.

Utanriksministrane frå dei to landa har vore samla til fredssamtaler i Moskva fredag og natt til laurdag, etter at Russlands president Vladimir Putin inviterte dei to til samtaler tidlegare i veka.

Samtalane har vorte leidde av Russlands utanriksminister Sergej Lavrov, som opplyser at dei har komme til semje om ei våpenkvile.

Nagorno-Karabakh

Dette er området det er strid om. Nagorno-Karabakh ligg inne i Aserbajdsjan.

Kontrollert av opprørarar sidan 1994

Konflikten mellom dei to landa har utvikla seg til krigshandlingar dei siste vekene. Nagorno-Karabakh er internasjonalt anerkjent som ein del av Aserbajdsjan, men i praksis er området ein sjølvstyrt republikk med omfattande armensk støtte.

Den omstridde regionen har vore kontrollert av armenskstøtta opprørarar sidan 1994. Det har i desse åra vore ei blanding av våpenkviler og brotvise kamphandlingar mellom Armenia og Aserbajdsjan på grunn av konflikten.

Harde kampar

Samtalane i Moskva er dei første på høgt nivå etter at det for nesten to veker sidan braut ut harde kampar mellom Aserbajdsjan og armenske separatistar.

Aserbajdsjans president, Ilham Alijev, sa før møtet i Moskva kom i gang, at dette var Armenia sin siste sjanse til å unngå krig.

En mann står utenfor et ødelagt hus i Stepanakert i Nagorno-Karabakh 9. oktober.

Ein mann står utanfor eit øydelagt hus i Stepanakert i Nagorno-Karabakh 9. oktober.

Foto: AP/NTB

Stormakter involvert

Fleire stormakter har på forskjellige måtar vore involvert i konflikten. Russland har eit godt forhold til begge dei to tidlegare sovjetrepublikkane, men samarbeider tettast med Armenia der landet har ein militærbase.

Armenia har og inngått ein forsvarsallianse med Russland og fleire andre tidlegare sovjetrepublikkar.

Nato-landet Tyrkia, som er Aserbajdsjan sin fremste støttespelar, har sendt militære rådgjevarar og vert og klaga for å ha gjeve våpenstøtte. Hundrevis av syriske opprørarar skal også ha funnet vegen til Nagorno-Karabakh med tyrkisk bistand ifølgje blant andre Frankrike sin president Emmanuel Macron.

Harde kampar

Den nye uroa braut ut i slutten av september. Etter tre dagar med harde kampar kravde FNs tryggingsråd umiddelbar stans i krigshandlingane. Alle Tryggingsrådets 15 medlemmer gav samrøystes til generalsekretær António Guterres sin appell om stans i krigshandlingane.

Avtalen om våpenkvile og nye forhandlingar kom i stand etter at Russland hadde innkalla utanriksministrane i dei to landa til samtalar i Moskva.

SISTE NYTT

Siste nytt