Hopp til innhold

Arkeologar fann musemumiar i gravkammer i Egypt

Arkeologar har funne eit over 2000 år gamalt gravkammer nær byen Sohag i det sørlege Egypt. Styresmaktene håper dette skal vere med å lokke turistar tilbake til landet.

mumifiserte mus

I eit over 2000 år gamalt gravkammer i Egypt har arkeologar blant anna funne over 50 mumifiserte mus, falkar og andre dyr.

Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters

Gravkammeret var bygd for ein mann som heitte Tutu og kona hans, og er eit av sju kammer som blei oppdaga då styresmaktene stoppa smuglarar som grov ulovleg etter gjenstandar i oktober, skriv Reuters.

Inngang til gravkammer i Egypt

Inngangen til gravkammeret, som ligg utanfor byen Sohag på vestsida av Nilen i det sørlege Egypt. Gravkammeret blei bygd for ein mann som heitte Tutu og kona hans. Det ligg også barn og andre kvinner i gravkammeret.

Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters

I den godt bevarte grava fann arkeologane blant anna rundt 50 mus og andre dyr som låg i ring to mumiar. Gravkammeret har også fleire veggmåleri som viste gravferdsprosesjonar og folk som arbeidde på markane.

mumier

To mumiar av ei kvinne og eit barn som blei funne i gravkammeret utanfor Sohag i Egypt.

Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters

Generalsekretær Mostafa Waziri i det som svarar til den norske riksantikvaren, skildrar kammeret som vakkert og fargerikt.

– Gravkammeret består av ein sentral lobby og eit gravrom med to steinkister. På veggen i gravrommet ser vi eigaren, Tutu, som gir og får gåver frå ulike gudar.

Mostafa Waziri

Mostafa Waziri som leiar organisasjonen som arbeider for å bevare arkeologiske funn i Egypt, fortel om dei mange veggmåleria i gravkammeret.

Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters

Håper på meir turisme

Turisme var i mange år ein viktig inntektskjelde for Egypt. Men etter opprøret som førte til at president Hosni Mubarak måtte gå i 2011, har landet vore prega av politisk uro og usikkerheit. Det har også råka turismen.

Arkeolog med mumifisert fugl i Egypt

Ein arkeolog ser på ein mumifisert fugl.

Foto: MOHAMED ABD EL GHANY / Reuters

No håper styresmaktene at det nye funnet skal føre til at fleire turistar vil vende tilbake til Egypt.

– Dette er eitt av dei mest spennande funna i dette området, seier Waziri til nyheitsbyrået AFP.

Det er funne fleire mumiar i området rundt Sohag, som ifølgje Waziri er ein av dei historisk rikaste i Egypt.

Veggmaleri i gravkammer

På veggane i gravkammeret det fargerike veggmåleri.

Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters

I fjor opna eit nytt museum som fokuserer på regjeringstida til det ptolemeiske dynastiet i Egypt i byen. Den best kjende herskaren frå dette dynastiet var Kleopatra. Dei styrte landet i 275 år, og var det siste dynastiet i oldtidas Egypt.

SISTE NYTT

Siste nytt