NRK Meny
Normal

Argentinsk ja til homse-ekteskap

Argentina vart i dag det første landet i Latin-Amerika som tillet ekteskap mellom to personar av same kjønn.

Video Jubel for argentinsk ja til homseekteskap

VIDEO: Jubel utanfor den argentinske nasjonalforsamlinga.

President Cristina Fernandez de Kirchner

President Cristina Fernandez de Kirchner støttar den nye lova.

Foto: Gerry Broome / Ap

Avrøystinga i det argentinske senatet vart send direkte på fjernsyn.

Lova, som er støtta av sentrum/venstre-regjeringa til president Cristina Fernandez de Kirchner, vart godkjend med 33 mot 27 røyster.

Den katolske kyrkja, som har stor makt i Argentina, har engasjert seg sterkt mot den nye lova. Kyrkja har kjempa hardt for at lovforslaget skulle avgjerast i ei folkerøysting.

Lova inneber at homofile ektepar på lik line med heterofile ektepar kan adoptere born.

LES OGSÅ: Nei til homseekteskap i Latvia

LES OGSÅ: Fortsatt nei til homoekteskap i California

Dei andre landa som tillet ekteskap mellom homofile er: Noreg, Nederland, Belgia, Spania, Canada, Sør-Afrika, Sverige, Portugal og Island.

Partileiaren for det sosialdemokratiske regjeringspartiet, Miguel Pichetto, kallar dagen i dag historisk for Argentina.

Den opposisjonelle radikale senatoren Gerardo Morales seier at det argentinske samfunnet har endra seg, og at det handlar om å garangere like rettar for minoritetar.

LES OGSÅ: Spansk ja til homoekteskap

LES OGSÅ: Homoekteskap tvangsoppløst

Homseflagg vaier framfor den argentinske nasjonalforsamlinga.

Eit homseflagg vaiar framfor nasjonalforsamlinga i Buenos Aires i går kveld.

Foto: JUAN MABROMATA / Afp
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt