I nesten 50 år har journalistar i store bilmagasin stemt på årets beste bil, og i år gjekk prisen til den batteridrivne bilen Opel Ampera.
Den årlege prisen blir utdelt av ein jury som består av journalistar i bil- og motormagasin over heile Europa.
«Revolusjonerande miljøbil»
På nettstaden til Opel i Noreg blir bilen kalla ein «revolusjonerande miljøbil,» som representerer verdiane miljø, innovativ design, teknologi og tryggleik.
Ampera er den første Europa-produserte elektriske bilen som kan køyre 40 til 80 kilometer i timen utan utslepp.
Uttrykket «Car of the Year» blei i utgangspunktet lansert av Motor Trend Magazine i 1950, som tidlegare stod for ein årleg prisutdeling for beste amerikanske bil. Men prisutdelinga har no innteke Europa.
Vinnarbilen er heilelektrisk, men har ein bensinmotor som fungerer som ein generator ved behov, og det er såleis ein hybridbil.
Fjorårets vinnar var ein Nissan Leaf, den første heilelektriske bilen som nokon gong har vore med i konkurransen. Det var eit tett løp mellom vinnarbilen, Alfa Romeo Piulietta som hamna på andreplass, og ein Opel/Vauxhall Meriva som tok tredjeplassen.
Finalistane i Årets bil 2012 som ikkje nådde heilt til topps var Volkswagen UP!, Ford Focus, Range Rover Evoque, Fiat Panda, Citröen DS5 og Toyota Yaris.