Det var den palestinske utsendinga til Paris, Leila Shahid, som leste opp den offisielle rapporten i ettermiddag. Der står det at dei første undersøkingane av Arafat har kunna utelukke leukemi, eller blodkreft, som årsak til Arafat sin sjukdom.
Leila Shahid saman med oberst Christian Estripeau, sjeflege ved militærsjukehuset der Arafat er innlagd. (Foto: AP/Scanpix)
Shahid sa at ho gjekk ut offentleg med rapporten i samråd med leiinga ved sjukehuset, for å unngå spekulasjonar om helsa til Arafat.
Rapporten viser elles at Arafat har mykje kvite bloklekamer i blodet, og lite blodplater, og at han har problem med å halde på maten. Det blir likevel gjort det klart at Arafat har blitt betre i løpet av dei siste 72 timane.
75 år gamle Yasir Arafat vart innlagd på eit militærsjukehus like utanfor Paris sist fredag, etter at helsetilstanden forverra seg sterkt sist onsdag.
Leila Shahid møtte pressa utanfor sjukehuset saman med oberst Christian Estripeau, som er sjeflege ved militærsjukehuset.