Rasande palestinarar samla seg rundt brennande bildekk i Gaza by. (Foto: AP/Scanpix)
Yasir Arafat har frå hovudkvarteret sitt i Ramallah på Vestbreidda sendt ut ei fråsegn der han på det sterkaste tek avstand frå drapet på heltemartyren sjeik Yassin
Yasir Arafat er palestinsk president.
Den palestinske statsministeren Ahmed Qurie kallar drapet på sjeik Ahmed Yassin "eit stort og avskyeleg brotsverk".
Drapet på sjeik Yassin, den åndelege leiaren for ein av stiftarane av Hamas, har skapt sterke reaksjonar blant palestinarane. Hundretusenvis demonstrerer i gatene både på Vestbreidda og på Gazastripa. Alle skrik på hemn over Israel.
Israels viseforsvarsminister Zeev Boim seier at Yassin fortente å dø, på grunn av alle drapa på israelarar han var ansvarleg for. Og han sa at det kan kome fleire angrep på palestinske leiarar, og sa at "ingen terroristar er trygge".
Sjeik Ahmed Yassin er den mektigaste palestinske leiaren Israel nokon gong har likvidert sidan det siste palestinske opprøret starta for tre og eit halvt år sidan.
Den palestinske sjefsforhandlaren Saeb Erakat, seier at valdsspiralen i Midtausten aldri kan bli broten ved hjelp av likvideringar.
- Verda må forstå at denne valdsspiralen, kaoset og blodsutgytinga aldri vil bli stansa ved hjelp av likvideringar, seier han.