Hopp til innhold

Arabisk romfartøy på veg til Mars

Eit romfartøy frå Dei sameinte arabiske emirata er på veg til Mars etter ei vellykka oppskyting frå Japan måndag morgon.

Rakett tar av fra Tanegashima i Japan

Oppskytinga frå Tanegashima Romsenter sør i Japan vart overført på storskjerm i Emirata i natt.

Foto: AHMED JADALLAH / Reuters (/ NTB Scanpix

Fartøyet skal studere den øvre atmosfæren over Mars og overvake klimaendringar medan det går i bane rundt planeten i minst to år.

Fartøyet «Amal» (håp) skal bruke sju månader på ferda til den raude planeten. Det er berekna at «Amal» skal reisemålet samstundes som Emirata feirar 50 år.

Det arabiske rorfartøyet Amal som skal reise til Mars

Illustrasjon: Det arabiske romfartøyet «Amal» som skal til Mars.

Foto: Alexander McNabb / AP / NTB Scanpix

Dette er den første romreisa i den arabiske verda til ein annan planet.

Oppskytinga med den japanske raketten H-IIA skulle ha funne stad 15. juli, men vart utsett i fem dagar på grunn av dårleg vêr på Jorda.

Spent venting

På Mohammed bin Rashid Space Center i Dubai var menn i tradisjonelle kvite kandoraer og kvinner i svarte abayaer samla framfor storskjermar i minutta før rakettmotorane vart tente i Japan.

Då den første delen av oppskytinga var ferdig, og den første bereraketten delte seg, braut jubelen laus blant ei gruppe menn som sat på golvet. Dei klappa, og ein tørka ei tåre med munnbindet sitt, fortel Reuters reporter på staden.

Menn på Mohammed bin Rashid Space Center i Dubai Emiratene klapper etter oppskytinga av Amal

Menn på Mohammed bin Rashid Space Center i Dubai i Emirata klappar etter oppskytinga.

Foto: AHMED JADALLAH / Reiters / NTB Scanpix

– Sender tydelege signal

Styresmaktene i Emirata seier at fartøyet fungerer som planlagt etter oppskytinga.

Omran Sharaf, som leiar Emiratane sitt Mars-prosjekt, sa i natt at dei hadde fått inn tydelege signal frå «Amal».

«Kø» til Mars

Det er Mitsubishi som har bygd H-IIA-raketten som frakter sjølve romfartøyet ut gjennom jordas atmosfære. Dei seier avfyringa gjekk som ho skulle. Etter planen skilde «Amal» og den siste bereraketten lag over Stillehavet 56 minutt etter oppskytinga.

To nye oppskytingar, for USA og Kina, er venta på Tanegashima dei kommande dagane. I 2024 skal Japan sende sitt eige fartøy mot Mars.

Tanegashima Space Center i Japan