Hopp til innhold

Blinken til NRK om Ukraina-varsling: – Eg skulle ønske vi tok feil

Fleire månader før Russland gjekk til full krig mot Ukraina, visste Antony Blinken at noko kom til å skje. I eit eksklusivt intervju fortel han om tida før det small.

Utenriksminister i USA, Anthony Blinken, i Oslo 1. juni 2023.

FULLT INTERVJU: USA sin utanriksminister Antony Blinken snakkar med Europa-korrespondent Simen Ekern.

– Det er ei unik oppleving å fortelje leiaren av eit anna land at vi trur at det kjem til å bli invadert. Det var mitt ansvar, seier Blinken i eit eksklusivt intervju med NRK.

Det var i november 2021 at den amerikanske utanriksministeren huka tak i Volodymyr Zelenskyj på klimatoppmøtet i Glasgow.

Washington Post kallar det for ein «definerande augneblink» for Blinken, då han fortalde Ukraina sin president at Russland kom til å invadere landet hans «i umiddelbar framtid».

– Zelenskyj tok det svært på alvor, veldig stoisk, fortel Blinken.

Utenriksminister i USA, Anthony Blinken, i Oslo 1. juni 2023.

USA sin hovudprioritet på toppmøtet i Vilnius er å sikre ytterlegare støtte til Ukraina, fortel Blinken.

Foto: FRODE FJERDINGSTAD / NRK

– Eg skulle ønske vi tok feil om den informasjonen vi hadde. For det siste vi ønska var krig og russisk aggresjon mot Ukraina. Vi jobba veldig, veldig hardt for å hindre det.

Men det let seg ikkje gjere. 24. februar 2022 invaderte Russland likevel. Enno har den blodige krigen ingen ende i sikte.

NRK møter Antony Blinken i Oslo, der han tok del i eit «uformelt» møte denne veka saman med 23 av dei andre utanriksministrane i Nato.

Som venta var det krigen i Ukraina som toppa agendaen.

Les også Stoltenberg: – Moskva tror demokratier er late, vi skal bevise det motsatte

Jens Stoltenberg møter pressen etter NATO-møtet i Oslo

«Ikkje spesifikk nok»

Utanriksminister Blinken er ein erfaren diplomat, og ikkje kjend som ein typisk karrierepolitikar.

Framleis har han vore ein av Joe Biden sine viktigaste rådgivarar i mange år, blant anna medan demokrat Bill Clinton var president.

Som utanriksminister har han vore sentral i å navigere det stadig meir spente forholdet mellom USA og Kina, og i landet sine bidrag av våpen og pengestøtte til Ukraina.

Biden Russia Ukraine Military Aid

Biden valde ut Blinken som sin utanriksminister i 2021.

Foto: Susan Walsh / AP

Med stor margin er det USA som donerer flest våpen til det ukrainske militæret. Dei neste tungvektarane på lista er Storbritannia og EU.

Sidan samtalen deira i 2021, har Zelenskyj likevel kritisert åtvaringa til Blinken for å ikkje ha vore spesifikk nok.

Han spurde kvifor USA ikkje var tidlegare ute med å sende avanserte våpen til det ukrainske militæret, dersom dei visste at trugselen var så alvorleg.

Blinken meiner på si side at åtvaringa til Ukraina og allierte land gav dei alle saman ein fordel.

– Fordi vi såg dette kome, hadde vi meir tid til å førebu oss.

-

Zelenskyj har tidlegare sagt at han meiner Blinken burde vore tydelegare i åtvaringa si.

Foto: ALBERTO PIZZOLI / AFP

Diplomaten i Det kvite huset

Etter Nato-møtet i Oslo seier Blinken til NRK at langtidsstøtta til Ukraina bør styrke to område:

– Det beste forsvaret for Ukraina er å ha eit så sterkt militær som mogleg, for å effektivt kunne skremme aggresjon eller forsvare seg mot den dersom den kjem likevel, og ein så sterk økonomi som mogleg.

Dersom Ukraina får hjelp på desse områda og blir økonomisk integrert i Europa, spår Blinken ei god framtid for landet.

– Det vil ikkje berre overleve. Det vil blomstre, og det er det beste moglege forsvaret mot russisk aggresjon.

Norway NATO Foreign Ministers

Blinken i samtale med (frå midten mot høgre) tysk utanriksminister Annalena Baerbock, Nato-sjef Jens Stoltenberg og norsk utanriksminister Anniken Huitfeldt.

Foto: Sergei Grits / AP

Han legg til at Nato sitt samarbeid sidan krigen i Ukraina starta, har vist ekstraordinær solidaritet med landet i krig, og samspel medlemslanda imellom.

– Vi har teke svært viktige steg for å styrke alliansen, i tilfelle Russland sin aggresjon strekker seg utanfor Ukraina, seier Blinken.

– Når det går mot toppmøtet i Vilnius, basert på samtalen vi hadde i dag med utanriksministrane, meiner eg vi kan vente ein veldig robust pakke med både politisk og praktisk støtte. Men eg skal la leiarane få kome med detaljane.

Ventar at Sverige blir medlem snart

Blinken kom rett til Nato sitt utanriksministermøte i Oslo frå Sverige, der han snakka med statsminister Ulf Kristersson om søknaden deira om Nato-medlemskap.

Sverige treng framleis formell godkjenning frå både Tyrkia og Ungarn, før det formelt kan bli medlem av forsvarsalliansen.

-

Blinken og svensk utanriksminister Tobias Billström deltok på ein paneldebatt i Oslo torsdag.

Foto: LISE ASERUD / AFP

– Det er ei sterk forventing frå mi side at dette kjem til å skje i løpet av vekene som kjem.

– Det er ikkje berre oss, det er det stort sett kvart einaste medlem av alliansen som seier, seier Blinken.

Dette er første gongen Antony Blinken er i Noreg som utanriksminister. Sist gong ein amerikanar i denne rolla besøkte Noreg, var for sju år sidan.

Han har likevel møtt fleire medlem av den norske regjeringa på Nato-arrangement andre stader i verda.

Les også Blinken: USA etablerer diplomatisk kontor i Tromsø

USAs utenriksminister Antony Blinken møter pressen etter NATO-møte i Oslo.

Hangarskip-besøket «understrekar partnarskap»

Blinken fekk spørsmål frå NRK om hangarskipet USS «Gerald R. Ford», som den siste tida har ferdast opp den norske vestkysten etter å ha kasta anker i Oslofjorden.

Framover skal det delta i fleire øvingar saman med Hæren, Luftforsvaret, Sjøforsvaret og Forsvaret

Forsvaret sitt operative hovudkvarter har ikkje villa fortelje kvar ferda til skipet går vidare. Forskar ved Sjøkrigsskulen Tor Ivar Strømmen trur likevel det ikkje skal lenger nord enn Tromsø.

USS Gerald R. Ford i Oslo

USS «Gerald R. Ford» var i Oslofjorden fram til måndag 29. mai.

Foto: Rune Lind / Rune Lind NRK

For mange nordmenn verkar det som besøket gir ei kjensle av tryggleik og partnarskap, men for andre ei kjensle av utryggleik og ein unødvendig provokasjon for eit land som grensar til Russland. Kva vil du seie til dei?

– Eg meiner det berre er ei manifestering av dei djupe tryggleikskoplingane som har eksistert mellom Noreg og USA som nære partnarar og sjølvsagt Nato-allierte, seier Blinken.

– Dette er ei tid som i aukande grad er utfordrande, i denne regionen og utanfor den, og vi tek vår plikt som ein alliert på strengt alvor.

SISTE NYTT

Siste nytt