Anteken New Zealand-terrorist: – Bestemte meg for to år sidan

På reise i Frankrike blei den antekne New Zealand-terroristen overbevist om at det var nødvendig å ty til vald for å dempe innvandring. Han håpar på Nobels fredspris, skriv han i manifestet sitt.

Angivelig gjerningsperson etter moskéterror

Skjermdumpen er frå ein video som blei spreidd direkte i sosiale medium, som skal vise terroristen på veg til ugjerningane i Christchurch på New Zealand fredag.

Foto: Social Media / Reuters

Brenton Tarrant skal stå bak terroråtaka mot to moskear på New Zealand fredag morgon norsk tid.

I eit manifest på 74 sider, som skal vere skrive av Tarrant, omtalar han seg sjølv som ein «vanleg, kvit mann, frå ein vanleg familie, som bestemte seg for å ta opp kampen for å sikre ei framtid for folket mitt».

Han er 28 år og blei fødd inn i arbeidarklassen i Australia. Han vaks opp i byen Grafton i delstaten New South Wales, ifølgje The Sydney Morning Herald.

SE GRAFIKK: Dette vet vi om terrorangrepene på New Zealand

Styresmaktene har ikkje stadfesta namnet hans, og Tarrant oppgir ikkje namnet sitt i dokumentet.

Samstundes viser metadata frå originaldokumentet at ein med same namn har oppretta dokumentet, ifølgje den amerikanske journalisten Matthew Keys.

Matthew Keys om manifestet
Foto: Skjermdump

Vidare skal videoen der åtaket blir direktesendt på internett, også ha blitt posta på hans kontoar i sosiale medium før dei blei sletta.

Jobba på treningsstudio

I manifestet skriv forfattaren om ein normal oppvekst, men at han var lite interessert i skulearbeid, og derfor ikkje tok høgare utdanning.

Ei stund jobba Tarrant som personleg trenar ved Big River Gym i nord ifølgje ABC.

Sjefen for treningsstudioet, Tracey Grey, stadfestar at det er Tarrant som filma og strøymde åtaket på internett.

Ho seier at Tarrant var ein engasjert personleg trenar som brann for eit program dei hadde for å gi gratis trening til barna i lokalsamfunnet. Han slo ho ikkje som ein våpeninteressert person.

– Ærleg tala kan eg ikkje forstå at nokon eg har møtt og snakka med omtrent kvar dag, kunne vere kapabel til å gjere noko så ekstremt, seier Grey

Blei radikal etter reising

Ho trur Tarrant må ha endra seg i han i åra han har brukt på reise i utlandet.

Det er etter at faren døydde av kreft i 2010, at sonen skal ha reist på ein sju år lang tur verda rundt, ifølgje newzealandske medium.

Han skal ha besøkt Europa, Søraust-Asia og Aust-Asia. I tillegg var han innom Nord-Korea.

Pengar til reisinga skal han ha tent på Bitconnect, ein kryptovaluta på linje med Bitcon, skriv forfattaren i manifestet.

Vidare skriv han at han bestemte seg for å utføre eit valdeleg åtak mellom april og mai 2017. Då var han på reise i mellom anna Frankrike, Spania og Portugal.

Bulgarske styresmakter undersøker eit besøk Tarrant gjorde til landet i fjor haust. Gjerningsmannen hevdar han ville besøke historiske stader og studere historia om Balkan, ifølgje bulgarske styresmakter. Dei undersøker no om dette er riktig eller om han hadde andre mål for besøket, skriv nyheitsbyrået AFP.

Bestemte seg i Frankrike

I dokumentet trekk han fram særleg tre hendingar som bakgrunn for dette:

  1. Terroråtaket i Stockholm i 2017, der fire personar blei drepne i eit lastebilåtak. Blant dei var 11 år gamle Ebba Åkerlund, noko som gjorde sterkt inntrykk på forfattaren.
  2. Det franske presidentvalet i 2017 fekk han til å miste trua på ei politisk løysing på innvandringa. Han hadde håpa at den nasjonalistiske presidentkandidaten skulle vinne.
  3. Den høge innvandringa til Europa. På ei reise til Frankrike opplevde han at heile landet var «invadert av ikkje-kvite».

Avgjersla om å utføre eit valdeleg åtak tok han på ein fransk kyrkjegard for falne soldatar i verdskrigane.

Opplevinga av at Europa var invadert av ikkje-kvite, fekk han til å tenke at soldatane hadde døydd forgjeves, og at noko drastisk måtte bli gjort – av han.

Han fortel at han har lese seg opp på internett, og er overbevist om at «den kvite rasen» er trua av låg fødselsrate og høg innvandring.

I manifestet skriv forfattaren at han nyleg begynte han med å «jobbe deltid som kebab removalist».

«Remove kebab» er eit uttrykk for etnisk reinsking, nytta i ein serbisk, nasjonalistisk musikkvideo frå 90-talet. Det er også brukt om å hindre «islamisering» av Europa.

Ekspert på høgreekstreme miljø, journalist og forfattar Øyvind Strømmen, seier til NRK at forfattaren har sydd seg eit lappeteppe av ideologiske inspirasjonskjelder frå ulike former for høgreekstrem ideologi.

Endra planane

I prosessen med å planlegge eit valdeleg åtak var den antekne terroristen medviten på kva verkemiddel og våpen han skulle bruke for å få merksemd frå heile verda, skriv han.

Forsida på manifestet

Forsida på manifestet til den antekne gjerningsmannen bak terroren mot to moskear på New Zealand.

Foto: Skjermdump

Eigentleg var ikkje New Zealand det opphavlege målet hans, men blei det då han oppheldt seg midlertidig i landet for å førebu seg.

Først blinka han ut moskeen i Dunedin som hovudmålet sitt, men etter å ha besøkt Christchurch, valte han to moskear der i staden. Han grunngjev det med den store innvandringa til området.

I tillegg planla han eit åtak mot ein moské i Ashburton, som han ikkje rakk å gjennomføre. Forfattaren skriv at moskeen der er ei tidlegare kyrkje.

Hevdar sjølvstende

Den antekne terroristen skriv at han ikkje er medlem av nokon organisasjon eller gruppe, men at han har donert pengar til mange nasjonalistgrupper og har hatt kontakt med enno fleire.

Forfattaren skriv at han forventar at han ville overleve sitt eige terrorangrep, bli fengsla og så bli sett fri etter 27 år, for deretter å bli tildelt Nobels fredspris – slik som det gjekk med Nelson Mandela.

– Vi sjåast i Valhall, avsluttar han.

Klokken 13.20 lokal tid.

Terroristen parkerer bilen i en sidegate til Al Noor-moskeen i Christchurch.

Gjerningsmannen tar med seg en hagle og et halvautomatisk våpen og går inn på parkeringsplassen foran moskeen.

Moskeen er full av mennesker som er der for å delta i fredagsbønnen. Det første offeret møter gjerningsmannen med et «hello brother» før han blir skutt og drept.

Etter to et halvt minutt forlater terroristen moskeen. På vei tilbake til bilen løsner han skudd på åpen gate. Tilbake i bilen bytter han våpen.

Gjerningsmannen returnerer til parkeringsplassen foran moskeen. Denne gangen skyter han mot de som løpende ut fra moskeen. Deretter tar han seg på ny inn i bygget.

I ytterligere halvannet minutt skyter terroristen de som har gjemt seg, eller er skadet i moskeen før han forlater bygget.

På vei tilbake mot bilen skyter terroristen en kvinne som ber for sitt liv, før han kjører fra åstedet. På den ti minutter kjøreturen mot Linwood-moskeen løsner han flere skudd gjennom vinduene i bilen.

SISTE NYTT

Siste nytt