NRK Meny
Normal

Kofi Annan åtvarar om alvorleg internasjonal krise

FNs spesialutsending til Syria, Kofi Annan, åtvarar om at valdsbruken i Syria kan utvikle seg til ei alvorleg internasjonal krise.

Kofi Annan rettar peikefingaren mot Sergej Lavrov.

FN-utsending Kofi Annan rettar peikefingaren mot Russlands utanriksminister Sergej Lavrov før møtet i Geneve.

Foto: DENIS BALIBOUSE / Reuters

Annan legg til at stormaktene vil vere medansvarlege om det ikkje kjem ein avtale som får slutt på dei alvorlege valdshandlingane i landet.

Bashar al-Assad

Bshar al-Assad nektar å gi opp kampen mot det han kallar terroristar i Syria.

Foto: DSK / Afp

Kofi Annan, som er tidlegare generralsekretær i FN, teikna eit dystert bilete av situasjonen i Syria då han opna eit nytt krisemøte om situasjonen i Geneve i dag. Møtet blir sett på som ein siste sjanse å få til semje om tiltak som kan stanse valden.

Russland og Kina

Russland og Kina godtek ikkje ei løysing som inneber at president Bashar al-Assad blir pressa til å gå av. Opposisjonsgruppene i Syria har gjort det klart at dei ikkje vil godta ei løysing der Assad blir sitjande.

Utanriksministrane frå dei fem faste medlemslanda i Tryggingsrådet, USA, Russland, Storbritannia, Kina og Frankrike, deltek på møtet saman med Syrias naboland Qatar, Tyrkia, Kuwait og Irak.

Kofi Annan har bede landa om å bli samde om ein plan som kan få slutt på kampane i Syria, slik at det kan innleiast forhandlingar mellom dei stridande partane i landet.

LES OGSÅ: – Ikkje start ein krig på grunn av sonen min

LES OGSÅ: – Ingen andre enn oss vet hvordan man skal løse dette problemet

- VIl dømme oss hardt

- Historia vil dømme oss hardt om vi ikkje greier å bli samde om ein avtale om Syria, sa Annan blant anna i opningstalen sin.

Han utfordra utsendingane ved å seie at det faktum at dei er til stades på møtet, så viser dei intensjonar om å vise leiarskap.

- Men greier de å følgje det opp?. spurde han retorisk.

LES OGSÅ: Kraftig eksplosjon i Damaskus

LES OGSÅ: Tyrkiske styrker på vei mot den syriske grensen

Uttrykkjer pessimisme

Fleire vestlege diplomatar har uttrykt seg pessimistisk om sjansane for å få til semje mellom dei vestlege landa i Tryggingsrådet på den eine sida og Russland og Kina på den andre

Kamphandlingane mellom regjeringstyrkane og opposisjonsgruppene er no dei hardaste sidan opprøret starta for over eitt år sidan. Syriske styresmakter avviser at dei har gått til angrep på sivile, men seier at dei er i krig med terrorgrupper i landet.

Minst 11 mennseke skal vere drepne i kampar laurdag, melder fleire nyheitsbyrå.

Samstundes er forholdt mellom Syria og Tyrkia svært spent, etter at Syria skaut ned eit tyrkisk militærfly sist veke.

LES OGSÅ: Støtter samlingsregjering i Syria

LES OGSÅ: Regimetro milits bak massakren

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt