Hopp til innhold

Ankara-terror gir uro blant nordmenn i Tyrkia

– Vi kjenner oss ikkje direkte utrygge her i Alanya, men det er klart at terroraksjonane i Tyrkia gjer inntrykk. Vi er ekstra på vakt, seier dagleg leiar ved Den norske sjømannskyrkja i Alanya i Tyrkia, Arne Bakkedal.

Sorg etter terrorbomber i Alanya.

To sørgjande kvinner gret over tapet av ein familiemedlem etter terroraksjonen i Ankara i går kveld.

Foto: ADEM ALTAN / Afp

Det var i går kveld at to sjølvmordsbombarar, ei kvinne og ein mann, sprengde seg sjølve i lufta i ei travel sentrumsgate i den tyrkiske hovudstaden Tyrkia. Minst 37 menneske vart drepne og over 100 såra.

Ingen har teke på seg ansvaret for angrepet, men styresmaktene peikar på den kurdiske grupperinga PKK.

Angrep på sivile

Arne Bkakedal er dagleg leiar ved Sjømannskyrkja i Alanya.

– Folk er meir utrygge enn tidlegare, også her i Alanya, seier dagleg leiar ved Sjømannskyrkja i byen, Arne Bakkedal.

Foto: Sjømannskyrkja

– Slike vi ser det er ikkje Alanya som ferieby spesielt utsett for terror. Angrepa vi har sett tidlegare har vore retta mot politiske mål og politimål. Men vi har sett ei utvikling der angrepa meir og meir blir retta mot sivile, og det er klart at det gjer folk meir utrygge. Vi held oss unna demonstrasjonar og store folkemengder, og vi tek våre forholdsreglar, seier Bakkedal til NRK.

Få i gatene i Ankara: – Hvordan kunne dette skje igjen?

Sjømannskyrkja i Alanya held til ei bustadblokk. Det er den einaste kristne kyrkja i byen, og Bakkedal legg ikkje skjul på at det kan vere utfordrande å drive i kristen kyrkje i eit i hovudsakleg muslimsk land. Det var vanskeleg å få leige nye lokale når dei gamle vart for små, men det ordna seg til slutt.

Alanya har opplevd ein kraftig auke i turismen dei siste åra, men det siste året har det vore ein kraftig nedgang. Nordmenn og russarar har vore dei største gruppene her, men no er dei russiske turistane heilt borte på grunn av det vanskelege forholdet mellom Ankara og Moskva.

Den norske sjømannskyrkja i Alanya i Tyrkia.

Den norske sjømannskyrkja i Alanya held til i første etasje i ei bustadblokk.

Foto: Sjømannskyrkja.
Et øyenvitne sier han tror det var en svart bil som ekspoloderte Ankara sentrum. – Et sete føk i været, og jeg ble truffet av noe. Det var en bil der. Jeg tror det var den som eksploderte. Bilen hadde en sort farge, sier øyenivitnet. som er blodig i ansiktet.

VIDEO. Eit augevitne fortel om kva som skjedde

Politiet passar på

I går var 50 nordmenn samla til gudsteneste i Sjømannskyrkja. Kvar gong det er eit arrangement der, så patruljerer det lokale politiet i området.

Terroraksjon i Ankara.

To sjølvmordsbombarar stod bak terroraksjonen i Ankara. Ein bil vart sprengt i lufta like ved ein buss.

Foto: MEHMET OZER / Afp

– Det gjer at vi kjenner oss trygge. Vi har eit svært godt samarbeid med politiet og dei lokale styresmaktene, seier Bakkedal.

Rundt 5000 nordmenn har kjøpt seg husvære i Alanya, og mange av dei oppheld seg her halvparten av året. Visumreglane er slik at når ein har vore her i tre månader, så må ein vere tre månader ute av landet, før ein kan starte på ein ny periode.

Denne vinteren har det vore merkbart færre nordmenn i Alanya enn det som har vore vanleg dei siste åra. Nedgangen er ikkje så stor blant langtids-ferierande, men det har vorte betydeleg færre av dei som er på kortare opphald.

Vanskelege tider

– For oss i Sjømannskyrkja er det spesielt viktig å vere her for nordmenn og andre i slike vanskelege tider. Det er viktig at folk har ein stad der dei kan møte andre, snakke om frykta dei har, slik at dei kan kjenne seg litt tryggare, seier Arne Bakkedal.

SISTE NYTT

Siste nytt