NRK Meny
Normal

– Dei skyt på alt som rører på seg

Syriske krigsskip har opna eld mot ein palestinsk flyktningleir. Minst fire er drepne og mange tusen menneske er tvinga på flukt.

Åtak mot Latakia, Syria

Røyk stig til vers etter eit åtak på byen Latakia i Syria. Minst 30 menneske er drepne i området i løpet av dei siste tre dagane.

Foto: - / Afp

TURKEY-SYRIA-DIPLOMACY-VIOLENCES

Tyrkias utanriksminister Ahmet Davutoglu seier landet fordømmer syriske styresmakter sine åtak på sivile.

Foto: ADEM ALTAN / Afp

– Dei skyt på alt som rører på seg, seier ein anonym aktivist til BBC.

Meir enn 5000 flyktningar er no på rømmen frå den angripne flyktningleiren, som ligg i hamnebyen Latakia.

Det opplyser FN sin hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar (UNRWA).

Åtaket på Latakia starta laurdag, då stridsvogner rulla inn. Søndag trappa regimet opp med krigsskip. Det var det første militære sjøåtaket sidan opprøret starta den 15.mars i år, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Offensiv under ramadan

Minst 30 menneske skal vera drepne i løpet av president Bashar al-Assad sin tre dagar lange offensiv mot opprørarane i Latakia.

Offensiven starta då ramadan begynte, og følgjer same mønsteret som regjeringsstyrkane sine åtak mot andre byar, skriv NTB.

Først vert nabolag omringa og angripne av stridsvogner og artilleri. Samstundes kuttar dei straumen og andre tenester. Deretter køyrer hæren inn i byen, skarpskyttarar posisjonerer seg på hustaka og razziane og arrestasjonane startar.

Måndag ettermiddag var minst 300 menneske lagde i jern.

– Våre siste ord

Også i byen Homs skal soldatar ha losna skot og arrestert motstandarar av regimet.

Sidan opprøret starta for om lag fem månader sidan, har heile 1700 demonstrantar mista livet i kampar mot al-Assad sine soldatar.

Naboen i nord, Tyrkia, har lenge støtta den syriske presidenten, men måndag kom utanriksminister Ahmet Davutoglu med ei krass oppmoding om å få slutt på overgrepa mot sivile.

– Dette er våre siste ord til syriske styresmakter. Me forventar at dei militære operasjonane vert stoppa med det same og utan at regimet stiller vilkår, sa den tyrkiske ministeren på ein pressekonferanse i dag.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt