Dei tre palestinararne tok seg inn i busetjinga Kfar Darom i føremiddag, og det er uklart om den thailandske arbeidaren vart teken som gissel før han vart drepen.
Først vart ein av inntrengjarane drepen, seinare ein til og til slutt også den tredje. Det var skotvesklingar med ionntrengjarane i eit områda av busetjinga med mange drivhus.
Den ytterleggåande palestinske gruppa Hamas seier det var medlemer av deira organisasjon som trengde inn i busetjinga.
Hamas truar også med å trappe opp rakettangrepa mot israelske mål. Den militære delen av organisasjonen seier i ei fråsegn at dei er i ferd med å utvikle rakettar med lengre rekkevidde enn i dag