Hopp til innhold

Redd Barna slår alarm: – Kraftig auke i angrep mot skular, elevar og lærarar

Dei siste fem åra har det vore nesten 13 000 angrep mot skular og universitet. Det er særleg i konfliktområde ein ser at målretta angrep mot utdanningsinstitusjonar aukar. Redd Barna slår no alarm.

Skule i Vest-Mosul

Under kampar mellom irakiske regjeringsstyrkar og IS i Mosul i april, fekk skulebygningen kraftige skader.

Foto: Sam Tarling / Redd Barna

– Dette er frykteleg alvorleg. Vi ser fysiske angrep både mot skular og bygningar, og mot elevar og lærarar. Skuleborn blir rekruttert til væpna grupperingar når dei går på skulevegen. I Sør-Sudan blir dei brukt som barnesoldatar, seier Nora Ingdal, utdanningssjef i Redd Barna.

41 land er ramma av minst fem angrep på skular og utdanningsinstitusjonar dei siste fem åra. Det kjem fram i rapport Education under attack 2018 frå organisasjonen GCPEA. Førre gong organisasjonen gav ut ein tilsvarande rapport, var det 30 land som vart ramma så mykje som fem gongar

Krig og konfliktområde særleg ramma

Syria, Jemen, Irak og Kongo er nokon av landa som toppar den lite attraktive lista. Særleg i land med krig og konflikt er det blitt farlegare å vere skuleborn og lærarar. Angrepa er målretta mot skulane, men skular og universitet hamnar også i skotlinja i breiare konfliktar mellom styresmakter og opprørsgrupperingar.

– Born og foreldre seier til oss at utdanning er det viktigaste dei har. Utan utdanning har dei ikkje noko håp. Borna har ikkje noko håp om ei betre framtid. Det verste er at ein angrip det viktigaste i liva deira. Kva framtid har dei då, spør Ingdal.

Nora Ingdal

Nora Ingdal i Redd Barna slår alarm. Den kraftige auken i målretta angrep mot skular og elevar er alvorleg.

Foto: Rebecca Shirin Jafari / Save the, Rebecca Shirin Jafari / Copyrighted: Rebecca Jafari. All rights reserved.

Ho forklarer at målretta angrep mot skular gjer noko med livet i samfunnet. Folk mistar håpet og legg på flukt. Dei ynskjer ei betre framtid for borna sine.

– Det er difor vi slår alarm om denne utviklinga av aukande angrep mot skular og universitet, seier Ingdal.

Les også: Syrias framtid starter med barna

Les også: – Det er ofte barnesoldatene som utøver den groveste volden

Seksualisert vald mot jenter og kvinner

Rapporten viser også at jenter og kvinner er spesielt utsett, særleg for seksuell vald både på veg til og på skulen.

– I mange konfliktfylte land blir diverre born og unge utsett for stor fare når dei går på skule. Regjeringa har ekstra stor merksemd på jenter i utdanningssatsinga. Dette er særleg viktig i arbeidet med utdanning i kriser og i satsinga på trygge skular, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide til NRK.

Forsvarsminister Ine Eriksen Søreide

– Dette er ein viktig rapport i arbeidet for å hindre at skular og utdanningsinstitusjonar blir utsett for angrep, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide.

Foto: NRK

Regjeringa har vore særleg opptekne av utdanning for jenter. Skulegang er viktig fordi det ofte gir born ein normalitet i krisesituasjonar.

– Dette er ein viktig rapport i arbeidet for å hindre at skular og utdanningsinstitusjonar blir utsett for angrep, held utanriksministeren fram.

Ho peikar på at skulen bør vere ein trygg stad born.

– Trygge skular kan vere vern i konfliktsituasjonar ved å vere område der born er beskytta mot vald, seksuelt misbruk, overgrep og rekruttering til væpna grupper.

Les også: Søstrene fra Syria hadde livet på vent i flere år: – Utdanning er beskyttelse mot alt

Les også: – Barna i Irak er de største taperne

Les også: Sammen skal de bygge et nytt Sør-Sudan

SISTE NYTT

Siste nytt