Hopp til innhold

Angrep mot seks ukrainske byar i natt

Eit massivt russisk missilangrep ramma Ukraina natt til torsdag. Frå ukrainsk side skal det ha blitt sendt dronar mot den annekterte Krim-halvøya.

Røyk stig opp frå ein by, sett på avstand.

ANGREP I NATT: Røyk steig opp frå Kyiv i natt, etter at russisk missilangrep ramma byen.

Foto: GLEB GARANICH / Reuters

To menn på 29 og 41 år skal ha mista livet i Kherson i natt.

Det melder guvernøren i regionen, Oleksandr Prokudin, på Telegram. Han legg til at tre private bustader skal ha blitt trefte i missilangrepet, i tillegg til eit næringsbygg. Fem personar skal ha blitt såra.

Fleire andre byar rapporterte også om russiske angrep i natt. Mellom anna Kyiv, Tsjerkasy, Rivne, Lviv og Khmelnytskyj.

Til saman skal 21 personar vere såra.

Ordførar i Kyiv, Vitalij Klitsjko, meldte i natt om eksplosjonar i hovudstaden, og på Telegram bad han byens innbyggarar om å evakuere. Eit bustadområde skal vere ramma, og sju personar er såra. Den yngste er ei ni år gamal jente.

Eit hol i bakken. Røyk blir sløkka av brannmannskap.

Eit bustadsområde i Kyiv blei ramma av eit russisk missilangrep i natt.

Foto: VALENTYN OGIRENKO / Reuters

I dag tidleg gjekk flyalarmen på nytt, men det er ikkje registrert nye angrep.

Det ukrainske forsvaret melder om at dei skal ha skote ned 36 av 43 missil, ifølge Reuters.

Vrakrestane frå dei nedskotne missila skal ha ført til skadar på bygningar og infrastruktur i fleire byar. I tillegg meldte fleire byar om strømbrot.

Ukrainsk droneangrep

Ifølge russisk militær, skal dei ha skote ned 19 ukrainske dronar på veg mot Krim-halvøya i natt, i tillegg til tre dronar på veg mot Moskva. Det melder nyheitsbyrået Reuters.

Den siste tida har Ukraina intensivert droneangrepa mot Krim-halvøya, som Russland annekterte frå Ukraina i 2014.

To menn står i ein bakk. Det er øydelagd infrastruktur på bakken, og ein brent bil ved sidan av dei.

Innbyggarar i Kyiv ser på skadane etter det russiske missilangrepet i byen.

Foto: VALENTYN OGIRENKO / Reuters

Høyr også:

SISTE NYTT

Siste nytt