NRK Meny
Normal

Ropa «Allahu akbar» og angreip kyssande par

Islamistar gjekk i helga til åtak mot 200 kyssande par som demonstrerte mot ein moraliserande kampanje i regi av staten. Éin person blei knivstukken.

Demonstrasjonen fann stad på ein t-bane-stasjon i den tyrkiske hovudstaden Ankara laurdag.

Søt musikk blei brått forvandla til uro og vald då eit 20-tals islamistar gjekk til åtak på fleire av dei om lag 200 menneska som deltok i kysse-seansen, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Angriparar skreik «Allahu akbar»

Angriparane ropa «Allahu akbar», eller «Gud er stor» og einskilde var væpna med knivar, melder dei lokale avisene Milliyet og Hurriyet.

Kysse-demonstrasjonen blei skipa til som ein protest mot dei lokale styresmaktene, som nyleg gav ei åtvaring til eit ungt par som blei fanga opp av eit overvakingskamera medan dei kyssa på stasjonen.

Metro-selskapet opplyste i ei kunngjering om at paret hadde «oppført seg upassande». Kort tid etterpå blei t-bane-passasjerar møtte med meldinga «Ver venleg å opptre i tråd med moralsk lov», ifølgje nettavisa Hurriyet Daily News.

Store politistyrkar

Styresmaktene sette inn store politistyrkar for å hindra søndagens demonstrasjon. Men den storstilte mobiliseringa av politi, opprørspoliti og tryggingsvaktar var ikkje nok til å hindra at mange av demonstrantane fekk fullbyrda kyssa sine.

Tyrkia er ein muslimsk nasjon, med ei sekulær grunnlov. Landet innførte nyleg restriksjonar på sal av alkohol og forbod mot alkoholreklame.

Salet av alkohol vil heretter bli forbode mellom klokka 22 og 06 om morgonen, og alle produsentar av alkohol må festa åtvaringar på emballasjen, ifølgje NTB.

Kritikarar av det regjerande partiet, Partiet for rettferd og utvikling (AKP), meiner styresmaktene med strengare alkoholreglar opnar for at den ekstreme islamismen får eit sterkare fotfeste i landet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt