Hopp til innhold

Anerkjent forskar vil leite etter romvesen-satellittar

Den anerkjente professoren Avi Loeb vil bruke nesten 2 millionar dollar på å søke etter intelligent liv i universet.

Oumuamua

Avi Loeb meiner mellom anna det interstellare objektet «Oumuamua» kunne vere eit utanomjordisk romskip, sendt for å observere jorda.

Illustrasjon: M. Kornmesser / AFP

Harvard-forskar i kosmologi og astrofysikk, Avi Loeb, har blitt kjent for sine kontroversielle meiningar om at romvesen har besøkt oss her på jorda.

No vil han bevise at det finst intelligent liv i verdsrommet.

Med «Galileo-prosjektet» vil Loeb og hans kollegaer prøve å finne og identifisere objekt på himmelen. Planen er å utvikle eit nettverk av teleskop som skal søke etter bevis for utanomjordisk sivilisasjon i nærleiken av jorda, skriv det vitskaplege tidsskriftet Scientific American.

Skal leite etter romvesen-satellittar

Prosjektet er finansiert av mellom anna gåver frå privatfolk, og har eit budsjett på 1,7 millionar dollar, tilsvarande rundt 15 millionar kroner.

Avi Loeb, ein anerkjent forskar innan astrofysikk.

Avi Loeb har ei høg stjerne i forskingsverda og har publisert over 700 forskingsartiklar. Han er initiativtakar til Galileo-prosjektet.

Foto: Lotem Loeb / AFP

Eit anna formål med prosjektet er å leite etter satellittar som går i krets rundt jorda, som kan vere plassert av romvesen som moglegvis overvaker jorda.

Ved å ta høgoppløyselege bilde av verdsrommet, håpar forskarane å slå fast at det finst liv der ute.

Kritikken har derimot hagla etter at prosjektet blei kjent. Dei fleste som hevdar dei har sett ein ufo, eit flygande uidentifisert objekt, meiner den dukka opp frå ingenting og forsvann like raskt.

– Det er veldig vanskeleg å førestille seg korleis ein kan lage ein søkestrategi som skal ha sjanse til å oppdage desse, seier astrofysikar Jonathan McDowell ved senteret for astrofysikk ved Harvard-universitetet.

– Kan bidra til å forstå naturlege ting

Astronom og romforskar Pål Brekke ved Norsk Romsenter meiner det ikkje vil skade å leite etter liv utanfor jorda, men det vil neppe gi resultat.

Pål Brekke

– Eg trur ikkje Loeb vil finne noko særleg meir enn det vi allereie veit, seier romforskar Pål Brekke.

Foto: Hilde Bjørnskau / NRK

– Vi har allereie mange system for overvaking av verdsrommet. Både USA og Europa har mellom anna utvikla program som overvaker alt søppel der ute. Det er omtrent 20.000 gjenstandar som flyt rundt i rommet, som er kategorisert og som vi veit kvar er til ei kvar til, seier Brekke.

Men han meiner prosjektet kan komplimentere det som allereie finst av pågåande forsking på området.

– Det kan godt vere at det kan bidra til å forstå andre naturlege ting i atmosfæren, men at dei vil finne og bevise at vi har hatt besøk frå andre planetar, det tvilar eg på.

Meinte objekt kunne vere romskip

Mykje av inspirasjonen til Galileo-prosjektet fekk Loeb frå det interstellare objektet «Oumuamua». Det blei oppdaga i oktober 2017 på eit observatorium på Hawaii, og betyr «ein bodbringar frå ei fjern fortid».

Det var det første objektet frå eit anna solsystem som har blitt observert i vårt solsystem. Derfor blir det kalla interstellart.

Oumuamua, eit interstellar objekt.

Oumuamua fekk mykje merksemd då den suste inn i solsystemet vårt i 2017. Forskarane vil også leite etter andre interstellare objekt som minner om denne.

Illustrasjon: M. Kornmesser / AFP

Først trudde forskarar det var ein komet, deretter ein asteroide. Men ingen av definisjonane passa, noko som fekk teoriane til å blomstre. Kanskje var dette eit romskip?

– Oumuamua kan vere ein fullt fungerande sonde sendt med hensikt til jordas nærområde av ein utanomjordisk sivilisasjon, skreiv Loeb og med-forskarane i ein studie frå 2018.

Utsegna baserte dei på at objektet plutseleg auka farten då det reise gjennom vårt solsystem. Loeb blei raskt skulda for å ikkje ha handfaste bevis for sine påstandar.

Ikkje einig med Loeb

Pål Brekke meiner det finst naturlege forklaringar på Oumuamuas akselerasjon.

– Eg trur ikkje dette er eit romfartøy. Vi var seint ute med å oppdage den og fekk ikkje observert den før den var på veg vekk frå oss. Den akselererte jo, men det er langt innanfor naturlege forklaringar på asteroidar og liknande som kan forklare det, seier romforskaren.

Ufo-debatten har også fått nytt liv etter at USAs forsvarsdepartement, Pentagon, nyleg publiserte ein video av eit objekt som flyg i såkalla hypersonisk hastigheit. Den amerikanske etterretningstenesta kunne ikkje utelukke at det var eit romfartøy.

Bilde er fra en video som ble filmet 26. april 2020, med tillatelse fra det amerikanske forsvarsdepartementet, viser en uidentifisert objekt. Video er filmet av marinepiloter.

Fleire militære videoopptak viser uforklarlege observasjonar.

Foto: HANDOUT / AFP

For store avstandar

Sjølv om Brekke trur det er lite sannsyn for at Loeb vil finne spor av utanomjordiske som har vore besøk, er det noko større sannsyn for at ein kan oppdage signal frå intelligent liv ute i verdsrommet.

– Men avstandane er for store. Viss vi skal besøke vår nærmaste stjerne, Proxima Centauri, som ligg fire lysår vekke, så vil det ta oss nesten 160.000 år å reise dit med romferje, seier han.

Dei fleste stjerner har planetar rundt seg, ifølge Brekke. I vår galakse, Melkevegen, har vi rundt 100 milliardar stjerner. Astronomane tippar at finst 10 milliardar galaksar i universet.

Sannsynet er derfor stort for at det finst intelligent liv på ein av dei planetane, anten no eller millionar av år både tilbake og fram i tid, seier Brekke.

– Viss vi får eit signal frå nokon som er 100.000 lysår vekke, så vil svaret vårt framleis måtte reise 100.000 lysår før dei får det. Så det er vanskeleg å tenke seg ein fornuftig måte å kommunisere på.

SISTE NYTT

Siste nytt