Hopp til innhold

Nytt bombeattentat mot mafia-vitne

Cristian Vigilante skal vitne mot mafiaen i ei rettssak. Torsdag morgon vart arbeidsstaden hans, eit dagsenter for eldre i Foggia, ramma av eit bombeangrep.

Demonstrasjon mot mafiaen i den italienske byen Foggia.

20.000 gjekk i protesttog mot mafiaen i Foggia 10. mai i år.

Foto: FRANCO CAUTILLO / EPA

3. januar vart bilen hans sprengt i lufta, medan han stod parkert, men til alt hell vart ingen skadd. Torsdag morgon vart det retta eit nytt bombeattentat mot eit mål knytt til Vigilante. Han er personalsjef på eldresenteret Sorriso di Stefano, der broren hans er dagleg leiar.

Det var klokka 05 torsdag at ein hettekledd mann vart observert då han detonerte ein sprengladning like utanfor bygningen. Ei vaskehjelp som arbeidde inne på senteret kom frå det med sjokkskadar og lettare fysiske skadar.

Bomba gjorde stor skade på bygningen og på bilar som stod parkerte på gata utanfor.

– Målet er å skremme

Cristian Vigilante er sikker på at det er mafiaen som står bak, og at målet er å skremme han frå å vitne i den komande rettssaka mot 29 mistenkte medlemer av Foggia-mafiaen.

– Det er tydeleg at dette er ein oppfølgjar frå den første bomba, var kommentaren til Cristian Vigilante då han kom til staden saman med broren Luca.

Dei gjorde det klart at det ikkje var snakk om å stengje eldresenteret, ifølgje avisa Corriera della Sera.

– Vi er i krig med mafiaen, sa ein nabo som kom til etter den kraftige eksplosjonen.

Mafiaen sitt stadig sterkare grep på næringsliv og institusjonar i den søritalienske byen Foggia har fått mange av innbyggjarane til å reagere. 10. januar i år gjekk nesten 20.000 menneske i protesttog mot mafiaen i byen i regi av antimafia-organisasjonen Libera.

Nektar å bøye seg

Ordførar i Foggia, Franco Landella, seier at det ikkje er snakk om å bøye seg for den organiserte kriminaliteten.

– Angrepet i dag er ein ny demonstrasjon av ein parasittisk og valdeleg organisasjon. Mafiaen har forstått at dei er i mindretal, og dei prøver å spreie truslar og frykt. Dei skal vite at staten er sterkare enn terroren. Dei som trur Foggia vil bøye av tek feil, sa ordføraren tidlegare i dag.

Mafiaen i Foggia har markert seg med fleire andre bombeeksplosjonar i byen etter nyttår. Bombene har ramma fleire forretningar, og motivet er truleg det same. Å skremme forretningsrivande til å samarbeide med mafiaen.

Framgangsmåten er den same. Dei prøver å få dei forretningsdrivande til å tilsette «sine» folk, og om dei ikkje følgjer ordre, så smell det.

Søppelkaos i Roma – skuldar på mafiaen

Reuters: Journalistdrapet på Malta ble betalt med 150.000 euro

Sacra Corona Unita

Foggia ligg på Adriaterhavssida i den søritalienske regionen Puglia, og byen har rundt 150.000 innbyggjarar. Det er mafiaorganisasjonen Sacra Corona Unita som i hovudsak opererer i Puglia-regionen.

Dette er den minste av dei store italienske mafiagrupperingane. På Sicilia dominerer Cosa Nostra-mafiaen, medan 'Ndrangheta kontrollerer området på sørspissen av det italienske fastlandet. Langs Middelhavskysten litt lenger nord har den napolitanske mafiaen «La Comorra» sitt maktsenter.

SISTE NYTT

Siste nytt