Avstemminga i Senatet måndag kveld enda som venta med fleirtal for Amy Coney Barrett (48). Stemmetala viste 52 mot 48 stemmer for Barrett.
Dermed er seks av dei ni dommarane i den høgaste domstolen i landet utnemnt av republikanske presidentar.
Utnemninga kom berre ei dryg veke føre presidentvalet 3. november. Aldri før har ein høgsterettsdommar vorte godkjend så nær opptil eit val.
Teken i eid i natt
Ein knapp time etter godkjenninga i Senatet, vart Barrett teken i eid framfor høgsterettdommar Clarence Thomas og president Donald Trump på eit podium framfor Det kvite huset.
– Dette er ein stor dag for USA, for grunnlova og for dei rettferdige og upartiske rettsreglane, sa Trump frå scena framfor rundt 200 støttespelarar.
VART HYLLA: Amy Coney Barrett og ektemannen Jesse Barrett saman med presidentparet på balkongen i Det kvite huset.
Foto: Alex Brandon / AP/NTBPå livstid
Amy Coney Barrett er den tredje høgsterettsdommaren innsett av president Donald Trump. Dommarane i høgsteretten sit på livstid, eller fram til dei vel å pensjonere seg.
– Eg er stolt og djupt æra, sa ein smilande Barrett. Ho understreka i si takketale at ho som dommar har plikt til å arbeide nøytralt, og det vil ho gjere utan frykt.
Barrett skal takast i eid ein gong til i ein seremoni i høgsterett på tysdag. Deretter er ho klar for å tiltre.
Overtek etter liberalt ikon
Barrett overtek plassen etter den liberale Ruth Bader Ginsburg som døydde av kreft 18. september i ein alder av 87 år.
Ved valet av Barrett vert ein allereie konservativ rett teken enda meir mot høgre. Fordi dommarane sit på livstid og tar stilling til politiske spørsmål og tolking av grunnlova, kan Trump vere med på å prege amerikansk politikk i mange tiår framover.
Demokratane fryktar at både retten til abort, retten til likekjønna ekteskap og Obamacare er i fare.
Amy Coney Barrett og familien hennar vart presenterte av president Donald Trump i rosehagen til Det kvite huset 26. september.
Foto: CARLOS BARRIA / Reuters/NTBSjubarnsmor
Barrett er mor til sju born, og ho trakk fram familien sin då ho vart presentert av presidenten i Rosehagen til Det kvite huset ei veke etter Ginsburgs bortgang.
– Borna mine er dei største gledene mine. Eg er van med å vere i ei gruppe på ni, nemleg familien min, poengterte ho.
Barrett sa og at ho er audmjuk over tanken på å tene i høgsteretten, ein institusjon som ho sa tilhøyrer heile landet.
– Eg vil gjere det eg kan for å tene dykk, sa ho.
HØYRING: Før ho vart utnemnt til Høgsterett, var Amy Coney Barrett gjennom ei tre dagar lang utspørjing i Senatet.
Foto: POOL / Reuters/NTBVil føre til ein meir konservativ høgsterett
Det vart tidleg klart at Barrett var presidenten sin favoritt. Ho skal ha stått på lista til Trump over aktuelle kandidatar sidan 2017.
Amy Coney Barrett er fødd i New Orleans. Ho arbeidde som jusprofessor ved det katolske Notre-Dame-universitetet i Indiana før ho vart dommar i ein lågare rett.
Barrett er praktiserande katolikk. To av dei sju borna hennar er adopterte frå Haiti. Ho skal og vere abortmotstandar, noko som er viktig for mange av Trump sine veljarar.
Sinne på venstresida
Utnemninga av Barrett har vakt stort sinne hjå Demokratane. Dei peikar på at Republikanarane sin fleirtalsleiar, Mitch McConnell, i 2016 nekta å halde avstemming for dåverande president Barack Obama sin kandidat, Merrick Garland.
McConnell sa den gong at ein ikkje burde halde slik avstemming i eit valår, fordi det amerikanske folket burde få bestemme kven som skulle få utnemne den neste høgsterettsdommaren.
– De vinn kanskje denne avstemminga, men de vil aldri i livet få truverda dykkar attende, sa Demokratane sin mindretalsleiar i Senatet, Chuck Schumer, før avstemminga i natt. Han fekk følgje av ei rekke sinte Demokratar som alle fordømte prosessen.
– Illegitim prosess
Visepresidentkandidat Kamala Harris tvitra at Republikanarane har handla på tvers av viljen til folket. Ho kalla prosessen illegitim.
– Vi kjem ikkje til å gløyme dette, skriv ho.
Den venstreorienterte kongresskvinna Alexandria Ocasio-Cortez, som sit i Representanthuset, tok på Twitter til orde for å utvide høgsterett.
Tidlegare presidentkandidat Hillary Clinton klagar Republikanarane for å presse gjennom ei godkjenning av ein høgsterettsdommar som vil «hjelpe dei å ta helsehjelp frå amerikanarar midt i ein pandemi».
– For dei er dette ein siger. Stem dei ut, skriv Clinton.
Stolte Republikanarar
Før avstemminga i natt norsk tid sa Mitch McConnell at han var stolt over å stemme for Barrett.
Republikanaren Lindsey Graham, som leiar justiskomiteen, seier sjubarnsmora Barrett er eit forbilde for konservative kvinner.
Av dei 53 republikanske senatorane var det berre Susan Collins som stemte mot. Ingen Demokratar stemte for, og Barrett vart med det den første høgsterettsdommaren som ikkje har fått ein einaste stemme frå opposisjonen.