Hopp til innhold

Amnesty: Minst 16 drepne i protestar mot fredsprisvinnar i Etiopia

Minst 16 menneske er drepne under uro som starta med protestar mot statsminister og fredsprisvinnar Abiy Ahmed i Etiopia denne veka, ifølgje Amnesty International.

Protestar mot regjeringa i Etiopia i Addis Abeba.

Tilhengjarar av aktivisten Jawar Mohammad samla seg i går utanfor huset hans i Addis Abeba.

Foto: Stringer / AFP

– Hittil har vi stadfesta at 16 menneske er drepne, men talet kan vere høgare. Vi har fått inn rapportar om at det er fleire, men vi har ikkje fått verifisert opplysningane, seier Fisshea Tekle i Amnesty til nyheitsbyrået AFP.

Han seier at valdsbruken starta i samband med protestar mot presidenten, og at etiopiske tryggingsstyrkar har skote mot demonstrantar. Dei siste dagane har valdsbruken teke meir og meir form av etnisk og religiøs uro.

Stokkar og machetar

Jawar Mohammad.

Jawar Mohammed var tidlegare ein støttespelar til statsminister Abiy Ahmed, men er no i sterk opposisjon til fredsprisvinnaren.

Foto: Mulugeta Ayene / AP

Tekle fortel at det er brukt stokkar og machetar i uroa, og at ein del hus er brende ned. Det er også meldt om bruk av skytevåpen, seier han.

– Eg har ikkje fått dei siste oppdateringane på kva som skjedde i løpet av natta, men det er ingen teikn på at uroa skal gå over, seier Fisshea Tekle.

Valdsbruken starta i hovudstaden Addis Abeba etter at ein høgprofilert aktivist, Jawar Mohammad, skulda tryggingsstyrkane for å ha planlagt eit attentat mot han. Han høyrer til same etniske gruppa som statsministeren, men den siste tida har han uttalt seg sterkt kritisk om Abiy. Tidlegare har Jawar vore rekna som ein alliert av den ferske fredsprisvinnaren.

Torsdag bad Jawar Mohammad tilhengjarane sine om å halde seg i ro, samstundes som han skulda den sitjande regjeringa til Abiy Ahmed for å ha starta uroa.

Abiy Ahmed

Abiy Ahmed er tildelt Nobels fredspris for 2019. Han får prisen under ein seremoni i Oslo 10. desember.

Foto: Ketil Kern / NRK

Fredsprosess

Tidlegare denne månaden vart det klart at Etiopias president Abiy Ahmed er tildelt Nobels fredspris for 2019. Han skal ta imot utmerkinga i Oslo på Alfred Nobels dødsdag 10. desember. Abiy fekk prisen for sitt arbeid med å skape ein fredsprosess både internt i Etiopia og med nabolandet Eritrea.

Kritikarar har sagt at det enno er mykje som kan gå gale i fredsprosessen, og at tildelinga av fredsprisen til Abiy kjem for tidleg. Mange har peika på at det er mange fallgruver som kan øydeleggje prosessen .

Det er parlamentsval i Etiopia i mai 2020. Dersom den etniske uroa held fram kan det føre til ei svekking av statsministeren si stilling før valet.

Kritisk til reformer

Det er uklart kvifor Jawar Mohammed har vendt seg imot sin tidlegare allierte Abiy Ahmed, men han har den siste tida vore kritisk til mange av dei reformene Abiy har gjennomført. Det har også lenge vore gnissingar internt i Oromia-regionen, regionen der begge dei to politikarane kjem frå.

Jawar seier at tilhengjarane hans ikkje lenger trur på reformene til Abiy, og han skuldar samstundes fredsprisvinnaren for å sentralisere makta, for å prøve å halde opposisjonelle nede og å fengsle politiske motstandarar. Akkurat som forgjengaren, seier han.

Jawar ser ikkje bort frå at han vil utfordre Abiy ved valet i 2020.

SISTE NYTT

Siste nytt