Hopp til innhold

Amnesty: Boko Haram sette fyr på flyktningleir – 60 massakrerte

To veker etter at dei tok byen sist, myrda Boko Haram minst 60 menneske i byen Rann i Nord-Nigeria tidlegare denne veka, ifølgje Amnesty.

Ifølgje Amnesty International skjedde massakren etter at den nigerianske hæren trekte seg ut av byen. Angrepet var retta mot ein flyktningleir for menneske på flukt frå nettopp Boko Haram. Rann ligg i det nordlege Nigeria like ved grensa til Kamerun.

Det siste angrepet kom to veker at den islamistiske terrororganisasjonen Boko Haram tok byen sist. Terrorgruppa greidde å drive dei nigerianske soldatane ut av byen, før dei starta drepinga, plyndringa og nedbrenninga av hus.

Abubakar Shekau, truleg leiar i Boko Haram.

Det som truleg var Boko Haram-leiar Abubakar Shekau levert ein bodskap på video i januar i fjor.

Foto: Handout / Reuters

40.000 på flukt

Ein talsmann for hæren seier til nyheitsbyrået Reuters at han ikkje kjenner til at 60 er drepne i byen. Han avviser også at dei nigerianske soldatane har trekt seg ut av byen.

Dei to angrepa mot Rann har drive 40.000 menneske på flukt, og rundt 30.000 av desse har søkt tilflukt i nabolandet Tsjad, ifølgje lokale hjelpeorganisasjonar.

Osai Ojigho, Nigeria-direktør i Amnesty, seier at angrepa mot flyktningane i Rann kan vere krigsbrotsverk.

– Vitne har fortalt oss at nigerianske soldatar trekte seg ut dagen før angrepet, og dei viste på denne måten at dei ikkje er i stand til å beskytte innbyggjarane, seier han.

To kjelder i det nigerianske tryggingsapparatet seier til Reuters at soldatane kom tilbake til Rann 15. januar, dagen etter det første angrepet. Då var dei saman med soldatar frå Kamerun, som er del av ein fleirnasjonal styrke som skal kjempe mot Boko Haram.

– For få soldatar

Kjeldene fortel at dei kamerunske soldatane reiste tilbake til Kamerun sist søndag, og då forlèt også dei nigerianske soldatane Rann. Dette fordi dei hadde for få soldatar, for lite våpen og utstyr.

Dagen etter kom Boko Haram tilbake. Dei sette fyr på flyktningleiren og avretta gruppa av eldre som styrte byen, fortel kjeldene. Dagen etter, då Boko Haram hadde dratt sin veg, kom ei gruppe nigerianske soldatar tilbake til byen. Her hjelpte dei til med å gravleggje døde, fortel ei av tryggingskjeldene.

Ein sjukepleiar frå Legar utan grenser seier til nyheitsbyrået AP at den vanlegvis så travle byen var som ein gravplass dagen etter angrepet denne veka.

– Det steig enno røyk opp frå ruinane, og det brann framleis fleire stader. Det er berre oske igjen, seier ho.

– Miljøkriminalitet finansierer terror og krig

Stort tilbakeslag for Boko Haram

Feilbombing

Byen Rann har også tidlegare spelt ei tragisk rolle i krigen mot Boko Haram. I januar 2017 retta det nigerianske flyvåpenet ved ein feil eit angrep mot ein av flyktningleirane i byen. Mellom 100 og 236 menneske vart drepne, ifølgje lokale leiarar.

Flyvåpenet skulda på at flyktningleiren ikkje var godt nok merka på kartet dei brukte.

Feiklbombing i Rann i Nigeria.

Mellom 100 og 200 menneske vart drepne i Rann då nigerianske fly ved ein feil bomba ein flyktningleir i byen i 2017.

Foto: Reuters / Reuters